Pengar til ferien for verjehavar

Dersom den du er verje for ønskjer utbetaling frå kapitalkontoen sin til ferien, bør du sende søknad om bruk av kapital snarast råd. 

Publisert 20.06.2025

Mange har behov for å få utbetalt midlar frå kapitalkontoen sin til sommarferien. Av erfaring veit vi at vi får ei auke i tal på søknader om bruk av kapital framover.

På grunn av mange søknader, og ferieavvikling hos oss, må ein rekne med noko lenger saksbehandlingstid enn vanleg. I laupet av sommaren vil det kunne ta inntil to månader å behandle søknader om bruk av kapital. 

Vi rår difor alle verjer om å sende oss ein søknad om bruk av kapital så snart som råd, dersom det er ønskeleg at verjehavar skal få utbetalt pengar til ferien. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar