Saks-ID i elektroniske skjema til verjemålsseksjonen

Du kan sende elektronisk søknad eller melding til verjemålsseksjonen via Altinn. I desse elektroniske meldings- og søknadsskjemaene, kan du bli bedt om å oppgje saks-id (referansenummer). Dersom vår saks-id har meir enn seks siffer, får du feilmelding når du skriv det inn i skjemaet. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.04.2023

Saks-id er det referansenummeret vi nyttar i verjemålssaka til den som har verje. Dette referansenummeret står øvst til høgre i eit av breva du har fått frå oss.

På grunn av ei feil, kan du ikkje leggje inn meir enn seks siffer i feltet for saks-id i dei elektroniske søknads- og meldingsskjemaene du sender til oss. Nokre saker hos oss har saks-id med meir enn seks siffer.

Vi har meldt feilen til Statens sivilrettsforvaltning. 

Fram til feilen er retta, rår vi deg til å velje følgjande løysing:

  • Viss det er mogleg, kan du la feltet for saks-id stå tomt i skjemaet. I staden kan du oppgje saks-id i tekstfeltet.
  • Dersom du ikkje kjem vidare utan å oppgje saks-id, kan du ta bort det siste sifferet. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.