Innlevering av verjerekneskap 2022

Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2022. Rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2023.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2023

Vi sendte 09.03.2023 informasjonsbrev om innsending av verjerekneskap 2022 til alle verjer som står registrert med aktive verjemål med rekneskapsplikt per 31.12.2022. Du finn og brevet til høgre på denne sida.

Vi ønskjer helst at du sender rekneskapen digitalt. Du fyller ut skjema for årleg erklæring om reknskap og formueforvalting (fullstendigheitserklæring) og legg ved kontoutskrifter, og eventuell annan rekneskapsdokumentasjon. Direkte lenke til skjema og instruksjon for utfylling og innsending finn du på Statens Sivilrettsforvaltning si nettside om rekneskap

Du treng ikkje lenger å sende oss verjehavar sin skattemelding eller årsoppgåver. Statsforvalteren innhentar desse opplysningene direkte frå Skatteetaten.

Frå og med 2023 er det endringar i bruken av løysinga MinID som vil påverke verja sine tilgangar. Digdir har utarbeida eit eige informasjonsskriv om den nye løysinga, som vi har sendt til alle verjer med rekneskapsplikt. Du finn brevet også til høgre på denne sida. For eventuelle spørsmål om tilgang, utfylling og innsending av skattemeldinga for verjehavar viser vi til informasjon på nettsidene til Skatteetaten og Digdir.   

Du kan ringe verjemålsseksjonen på telefon 55 57 23 00. Telefontid er måndag-onsdag 1200-1400.

Det er stor pågang på telefonlinjene våre, og vi har ikkje kapasitet til å svare på alle spørsmål om rekneskap på telefon. Vi oppmodar derfor om å sjå Statens Sivilrettsforvaltning si nettside om rekneskap  før du ringer. Der finn du og video om digital innsending av regnskap.

Du kan og sende førespurnad via skjemaet «Melding til Statsforvaltaren» via vår eiga nettside 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.