Arv og dødsbuskifte

Dersom ein person under verjemål er arving i eit dødsbu, skal vi sikre at personen får den arva han eller ho har krav på etter lov eller testament. Vi passar på at arvingen under verjemål har ei eigna verje som kan ta hand om interessene hans eller hennar, og kontrollerer sluttrekneskapen i dødsbuet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.02.2023

Når er ein arving under verjemål

Ein arving er under verjemål dersom han eller ho er under 18 år. For dei som er over 18 år, er ein person under verjemål dersom han eller ho har fått oppnemnd verje etter verjemålslova.

Kva er eit dødsbuskifte?

Når nokon døyr, blir det gjennomført eit oppgjer der arven etter den avlidne blir fordelt mellom arvingane. Dette blir kalla eit dødsbuskifte.

Gjennomføring av dødsbuskifte

Ved privat skifte, er det arvingane sjølv som er ansvarleg for gjennomføringa av skiftet. Arvingane kan eventuelt engasjere nokon til å gjennomføre skiftet, t.d. ein advokat. Ved offentleg skifte blir det oppnemnd ei bustyrar av tingretten som gjennomfører skiftet.

Kva er verja si rolle?

Det er verja si oppgåve å ta hand om interessene til den han eller ho er verje for, slik at personen med verje får den arven han eller ho har krav på etter lov eller testament.

Verja har ikkje myndigheit i bubehandlinga med mindre han eller ho er gitt fullmakt av dei andre arvingane. Det inneber at sjølve bubehandlinga normalt ikkje er ei verjeoppgåve. Verja si rolle er avgrensa til å ta hand om interessene til personen under verjemål.

Verja sine oppgåver i bubehandlinga

Verja skal

  • velje om buet skal skiftast eller bli overtatt i uskifte (dersom den avlidne er ektefelle eller sambuar til den som er under verjemål)
  • velje skifteform; Offentleg eller privat skifte
  • kontrollere oppstillinga over buet og forslaget til fordeling av arven (som normalt blir sett opp av nokon andre enn verja)
  • sende oss oppstillinga over buet med forslag til fordeling av arven, dersom det blir gjennomført privat skifte. Arvingane kan nytte eller ta utgangspunkt i skjemaet i høgremargen. Dei ulike postane i oppstillinga må bli dokumentert i form av kontoutskrifter, oppgjersoppstilling frå eigedomsmeklar, E-takst/verdivurdering mv.
  • sende oss dokumentasjon på at personen med verje har fått sin rettmessige del av arven

Skifte eller uskifte

Dersom den avlidne var gift, vil den attlevande ektefellen som hovudregel ha rett til å sitte i uskifte. Uskifte inneber at ektefellen tek over den avlidne sine eigedelar og utsett arveoppgjeret. Sambuarar med felles barn har ei avgrensa rett til å sitte i uskifte.

Dersom den avlidne var gift eller sambuar med den som er under verjemål, må verja vurdere om buet skal skiftast eller bli overteke i uskifte.

Der uskifte krev samtykke frå arvingar med verje, må verja samtykke på personen med verje sine vegner.

Vi gjer merksam på at nokre disposisjonar knytt til spørsmål om skifte og uskifte krev samtykke frå statsforvaltaren. 

Privat eller offentleg skifte

Dersom buet skal skiftast, kan det bli gjort privat eller offentleg.

For å kartlegge eigedelane og gjelda i buet, før ein tek stilling til val av skifteform, kan arvingane få fullmakt frå tingretten til innsyn  i den avlidne sin formue og gjeld. Verja vil kunne få ein slik fullmakt til innsyn i den avlidne sin formue og gjeld på vegner av arvingen under verjemål.

Eit privat skifte føreset at arvingane er einige, og verja må samtykke til dette. Ved privat skifte må minst ei av arvingane ta på seg ansvar for den avlidne sin gjeld. Dette vil ikkje vere noko problem så lenge verdien på eigedelane i buet er høgare enn gjelda. Er alle arvingane umyndige, kan buet bli skifta privat utan at nokon tek på seg gjeldsansvaret.

Dersom arvingane er usikre på om verdiane i buet er høgare enn gjelda, kan buet be om at tingretten utferdigar preklusivt proklama. Dette inneber at alle som den avlidne skyldte pengar må melde seg til tingretten innan seks veker. Krav som kjem inn etter fristen fell bort.

Offentleg skifte blir vanlegvis valt i saker der det er klart at arvingane ikkje blir einige om fordelinga av arven. Retten nemner då opp ei bustyrar, som gjennomfører skiftet. Kostnaden blir belasta buet viss det er midlar til det. Den som krev offentleg skifte må normalt betale eit beløp som tryggleik for kostnadane. Beløpet blir fastsett av retten. Ved bu av liten verdi er det ofte lite fordelaktig for arvingane å krevje offentleg skifte.

Sjølv om verja har samtykka til privat skifte, kan han eller ho når som helst før det private skiftet er avslutta, krevje offentleg skifte. Retten til å krevje offentleg skifte fell som hovudregel bort tre år etter dødsfallet.

Forslag til fordeling av arv

Dersom buet blir skifta privat, og alle arvingane er einige om fordelinga, skal verja sende oss eit forslag til fordelinga. Arven bør ikkje bli delt ut før verja har fått tilbakemelding frå oss på at fordelinga er i orden.

Utbetaling av arven

Når arven er utbetalt er verja ansvarleg for å sende inn dokumentasjon til oss på at personen med verje har fått sin rettmessige del av arven i samsvar med forslaget vi har godkjent.

Oppgåva vår i bubehandlinga

Vi skal passe på at verja utfører oppgåva i samsvar med gjeldande lovverk, og at verja tek hand om personen med verje sine interesser. Ved privat skifte, skal vi kontrollere at oppstillinga over buet og forslaget til fordeling av arven samsvarer med gjeldande regelverk og testament. Vi skal gje tilbakemelding om korleis arven blir utbetalt.

Vi har sjølvstendig myndigheit til å krevje offentleg skifte på vegner av personar under verjemål, dersom vi meiner det er nødvendig. Ved mistanke om at personen med verje ikkje har fått sin rettmessige arv, kan vi krevje offentleg skifte òg etter at det private skiftet er avslutta.

 

 

Artikkelen er henta frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken sine nettstader. Statsforvaltaren i Vestland har gjort nokre mindre tilpasningar. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar