MinID og pinkodebrev

Frå nyttår er det ikkje lenger mogleg å bruke pinkodebrev frå Skatteetaten for å logge inn i MinID. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2022

Nullstilling av eksisterande brukar og aktivering av ny brukar

Dersom personen med verje har MinID-brukar frå før, kan verja i samråd med den som er under verjemål kontakte Digitaliseringsdirektoratet (DIGDIR) for å nullstille innloggingsprofilen til personen med verje. Når innloggingsprofilen blir nullstilt, vil DIGDIR sende ut eit aktiveringsbrev til den folkeregistrerte postadressa til personen med verje. Aktiveringsbrevet er normalt gyldig i ti dagar. Ved bruk av aktiveringsbrevet, kan verja opprette ny MinID-brukar på personen med verje.

MinID-app

Det er berre mogleg å knytte eit personnummer og eit telefonnummer til appen. Verjene kan difor ikkje bruke appen for å få tilgang til digitale tenester på vegner av andre.

Eingongskode på SMS

Statsforvaltaren tilrår at verjene nyttar innloggingsmetoden eingongskode på SMS. Du kan lese meir om korleis du sett opp eingongskode på SMS i lenka i høgremargen. Ettersom det berre er mogleg å knytte eit telefonnummer per fødselsnummer, rår vi verja til å leggje inn sitt eiga telefonnummer.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar