Tilsyn på verjemålsseksjonen

Statsforvaltaren er lokal verjemålsmynde og skal følgje opp at verjene i vårt område utfører verjeoppdrag i samsvar med gjeldande regelverk og mandat, og til det beste for verjehavar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.07.2022

Vi skil mellom tilsyn basert på ei konkret hending, tilsyn starta på eige initiativ og planlagde tilsyn.

Bekymringsmeldingar og tilsyn starta på eige initiativ

Mange tilsyn startar med ei bekymringsmelding knytt til verja si utføring av verjeoppdraget. Meldinga kan kome frå verjehavar sjølv, pårørande, kommunen, Nav eller andre.

Det hender også at vi sjølv avdekker forhold som gjer vi at vi meiner det er grunn til å starte eit tilsyn.

Planlagde tilsyn

Statsforvaltaren gjennomfører også planlagde tilsyn. Kvart år får vi eit uttrekk frå Statens sivilrettsforvaltning (SRF) over verjer som vi skal føre tilsyn med.

I tillegg er det Statsforvaltaren si oppgåve å gjennomgå og kontrollere årleg verjerekneskap. Det er ikkje lagt opp til at pårørande sjølv kan gjere dette. Funn i rekneskapen eller manglande innsending av verjerekneskap, kan medføre at vi startar eit tilsyn med verja.

Våre undersøkingar

Når vi får ei bekymringsmelding eller startar eit tilsyn vil vi alltid undersøke saka. Våre undersøkingar kan vere å innhente uttale frå verja, snakke med verja på telefon, snakke med verjehavar, gå gjennom dokument i saka og eventuelle andre undersøkingar ved behov. Verja har plikt til å gje Statsforvaltaren dei opplysningane vi ber om.

Resultat av tilsynet

Resultatet av våre undersøkingar vil avgjere kva tiltak vi gjer i saka. Våre verkemiddel ovanfor verjene kan vere å gi opplæring og rettleiing, utføre tilsyn og vurdere å oppnemne ny verje.

Vi kan også vurdere at verja ikkje vil få nye oppdrag, anten midlertidig eller generelt, og i nokre tilfelle kan tilsynet medføre at vi melder verja til politiet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.