Gebyr for å tinglyse attest om framtidsfullmakter

Frå 1. januar 2022 vil ikkje lenger Statsforvaltaren i Vestland dekke gebyret for å tinglyse attester om framtidsfullmakter.  Frå nyttår må gebyret betalast av fullmektigen med fullmaktsgjevaren sine midlar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2021

Når Statsforvaltaren stadfestar at ei framtidsfullmakt som gjeld eigedom har tredd i kraft, skriv vi ei attest om stadfestinga som vi sender til kartverket for tinglysing.

For å tinglyse denne attesten, må det betalast eit tinglysingsgebyr. Fram til no har tinglysingsgebyret blitt dekt av Statsforvaltaren i Vestland.

Frå nytt år legg vi om praksis. 

Ny praksis går ut på at vi kjem til å krevje refusjon av det tinglysingsgebyret Statsforvaltaren betaler til kartverket ved å sende faktura med tilbakebetalingskrav til fullmektigen. Fullmektigen må betale fakturaen med fullmaktsgjevaren sine midlar. 

Dette er i tråd med burettslagslova, tinglysingslova og rettleiaren frå Statens sivilrettsforvaltning til statsforvaltarane, som du finn lenke til i høgremargen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar