Korleis kan verja få tilgang til koronasertifikat for personar under verjemål?

Dersom verja har mandat til å ta hand om personlege interesser, kan han eller ho bestille koronasertifikat for personen med verje ved å sende eit brev til HELFO.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.07.2021

Brevet må innehalde verjehavaren sitt namn og fødselsnummer eller D-nummer, opphaldsadresse og adressa du vil at koronasertifikatet skal sendast til.

Brevet, kopi av legitimasjon og kopi av verjefullmakta, må senast til

Helfo
Postboks 2415
3104 Tønsberg

Dersom verjehavaren har gyldig koronasertifikat, vil han eller ho normalt få det tilsendt per post i laupet av 1-2 veker. Det er ikkje mogleg å få koronasertifikat bestilt på denne måten tilsendt i digital postkasse.

Sjå meir informasjon i lenka i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.