Val av bank for plassering av midlar

Vi brukar omgrepet kapitalkonto når vi snakkar om kontoen som vi skal disponere.

Kapitalkontoen vil ikkje vere synleg på verjehavar si nettbank og ein vil ikkje få tilsendt kontoutskrifter. Verja vil få oversikt over kontonummer, saldo og transaksjonar ved å logge seg inn på Mine vergemål på vergemal.no.

Det er vi som sender melding til vald bank om oppretting av kontoen. 

Slik går du fram

Kva bankar kan du velje mellom?

Korleis kan du byte bank?

Midlar over to millionar kroner

Slik går du fram

Vi vil ofte sende varsel dersom vi skal forvalte midlar. Verje skal då sende inn eit skjema til oss, der det går fram kva bank vi skal opprette konto i. Skjema finn ein på vergemal.no/skjema.

Det er ikkje mogleg å sende inn skjemaet elektronisk via Altinn per dags dato. Verje kan likevel fylle ut skjema og lagre dette på sin PC, og sende det elektronisk til oss ved å nytte Sikker melding til Statsforvaltaren

Dersom vi ikkje får skjema tilsendt frå verje vel vi den banken som har høgast flytande rente per dags dato.

Når vi har motteke kontonummer frå banken sender vi dette til verje. Dersom det til dømes er eit forsikringsselskap som betalar ut, vil vi òg orientere dei om kontonummer.

Dersom verjehavar allereie har midlane plassert i den banken ein skal opprette kapitalkonto i, kan ein føre opp eksisterande kontonummer og beløpet som skal overførast. Bankane vil i dei fleste tilfelle overføre beløpet direkte, utan at verje treng å gjere noko.

Kva bankar kan du velje mellom?

Det er inngått ein sentral avtale mellom Statens sivilrettsforvaltning og ulike bankar. Det er bankane sjølv som melder ifrå om dei ønskjer å forvalte verjemålsmidlar.

Ein finn oversikt over kva bankar og produkt ein kan velje mellom på vergemal.no. Det er ikkje mogeleg å velje andre bankar eller andre produkt enn dei som står på lista.

Korleis kan du byte bank?

Det er verja sitt ansvar å følgje opp renter og vilkår knytt til kapitalkonto. Dersom verje ønskjer å byte bank, så sender verje inn same skjema som ein nyttar når vi opprettar ny kapitalkonto.

Ein fører då opp kva bank man ønskjer ny konto i, og kva konto midlane skal flyttast frå.

Dersom ein har valt ein konto med fast rente, vil denne automatisk bli omgjort til ein konto med flytande rente når avtaletida er ferdig. Verje må då sende inn skjema på nytt dersom ein ønskjer å fornye avtalen.

Midlar over to millionar kroner

Bankane har ein innskotsgaranti på to millionar. Det vil seie at om banken går konkurs, så er du sikra for opp til to millionar, resten går tapt.

Verje vil derfor vere ansvarleg for å velje konto i ulike bankar, dersom verjehavar eller den mindreårige har midlar over to millionar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.