Avslutning av forvaltning

Når verjemålet vert avslutta har ikkje Statsforvaltaren myndigheit i saka lenger. Vår disposisjonsrett til kapitalkonto fell derfor vekk.

Verjemålet kan verte avslutta

Ved fylte 18 år

Statsforvaltaren sender brev til den mindreårige om lag seks veker før 18-års dagen. Dersom beløpet vi har forvalta er under to gonger folketrygdas grunnbeløp (2G), vil det i brevet bli opplyst om at midlane vil bli stilt til den mindreårige sin disposisjon på 18-årsdagen. Han eller ho må då sjølv ta kontakt med den aktuelle banken.

Dersom Statsforvaltaren har forvalta beløp på over 2G, vil den mindreårige få tilbod om framleis forvaltning. Det betyr at vi kan forvalte midlane ut det året vedkomande fyller 25 år. Dersom den mindreårige ikkje svarar på dette tilbodet, blir saka avslutta og midlane blir stilt til den mindreårige sin disposisjon på 18-årsdagen.

Ved dødsfall

Både verja og Statsforvaltaren si myndigheit fell vekk når ein person som har hatt verje døyr. Inntil arvingane har bestemt om det skal skiftast privat eller offentleg, vil det då vere tingretten som har råderett over dødsbuet.

Når det ligg føre skifteattest, vil det være fullmektig i buet som får disposisjonsrett til den avdøde sine midlar. Dette gjeld også for kapitalkonto som vi har forvalta. Det er derfor bustyraren som må ta kontakt med banken for å få overført midlane til annan konto.

Ved oppheving av verjemål

Både verja og Statsforvaltaren si myndigheit fell vekk når eit verjemål blir avslutta. Vi sender då melding til banken om at vi ikkje lenger skal forvalte midlar for vedkomande. Kontoen blir dermed fristilt, og personen som har hatt verje må deretter sjølv ta kontakt med banken for å få tilgang til midlane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.