Kommunalt rusarbeid

Søknadsfrist:
15. september 2022 23.59
Målgruppe:
Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
15. september 2022 23.59

Statsforvaltaren lyser ut tilskotet kommunalt rusarbeid med søknadsfrist 15. september. Merk at tilskotet har fått ny innretting.

Publisert 09.05.2022

Ved å styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging, skal tilskotet bidra til betra livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt tilvære for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande.

Tilbod med høg grad av medverknad og samarbeid blir prioritert

Kommunar som får tilskot til tiltak, skal utvikle, gjennomføre og evaluere i lag med brukarar og pårørande. Ved tildeling av midlar vert tilbod som dokumenterer høg  grad av brukar- og pårørandemedverknad, samarbeid med brukar- og pårørandeorganisasjonar og andre frivillige/ideelle eller offentlege tenester, prioritert. Ved samarbeid med andre aktørar, kan kommunen søkje om å tilskot til å dekkje utgiftene for desse. Små kommunar vert oppmoda om å vurdere interkommunalt samarbeid om utvikling av tilbod.

Kommunar som i 2022 har fått tilskot til kommunalt rusarbeid gjennom overgangsordninga, kan i tillegg søkje om tilskot til nye tilbod etter den nye innrettinga på tilskotsordninga.

Les meir om bakgrunn for tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.

Nytt regelverk frå 2022

Tilskotsordninga har fått ny innretning frå i år. Det er viktig at de gjer dykk godt kjende med det nye regelverket før de skriv søknaden. Regelverket finn de under fana «Dokument».

Søknad

Søknadsfrist er 15. september 2022.

Søk på tilskot

Tilskot til kommunalt rusarbeid

Har du  spørsmål av fagleg karakter, ta kontakt med Siri Mæland. Kontaktinformasjon under «Kontaktpersonar».

Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til: https://www.statsforvalteren.no/hjelp.

Søknadsfrist:
15. september 2022 23.59
Målgruppe:
Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
15. september 2022 23.59