Tilskot til mellombels styrking av eksisterande behandlingstilbod innan psykisk helse- og rusarbeid

Søknadsfrist:
5. november 2021 23.59
Målgruppe:
barn, unge og vaksne med psykiske plager eller rusproblem som har behov for hjelp
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
kommunar åleine, eller i samarbeid med andre kommunar, spesialisthelsetenesta eller andre aktørar
Rapporteringsfrist:
1. april 2022 23.59

Statsforvaltaren i Vestland har framleis om lag 4 millionar kroner til fordeling i kommunane i Vestland. Dette er siste mogelegheit for å søkje om tilskot i denne tilskotsordninga. Søknadsfristen er 5. november.

Publisert 20.05.2021, Oppdatert 08.10.2021

Målet med tilskotet er å mellombels styrke og auke tilgangen til eksisterande kommunale lågterskel behandlingstilbod innanfor psykisk helse og rusarbeid som følgje av koronapandemien. Ordninga må sjåast i samanheng med den mellombelse tilskotsordninga «Smitteverns- og oppfølgingsarbeid for personar med rus- og psykiske helseproblem», og andre tilskotsordningar på kap. 765, post 60 og 62.  Målgruppa er barn, unge og vaksne med psykiske plager eller rusproblem som har behov for hjelp.

Les fullstendig regelverk før du søker. Det er ikkje søknadsskjema, og søknaden skal merkast med vårt saksnummer 21/7724. Søknad sender du til: sfvlpost@statsforvalteren.no

Kven kan søke?

Kommunar kan søke tilskotet, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, med spesialisthelseteneste eller andre aktørar. Søkarkommunen står administrativt og økonomisk ansvarleg, og det er denne kommunen eit innvilga tilskot blir utbetalt til.

Kva må med i søknaden?

  • Kva de ønskjer å oppnå
  • Prosjektbeskriving eller beskriving av tiltak som det blir søkt om midlar til
  • Budsjett (skal kunne samanliknast på same nivå med rekneskap dersom rekneskap blir kravd), om det er søkt/motteke tilskot frå andre og eigenfinansering

Søknaden skal vere kortfatta og gi ei poengtert beskriving av korleis kommunen vil styrke tilbod, sett opp mot tildelingskriteria og rapporteringspunkta. Søknaden må underteiknast av kommunedirektør/rådmann, eller den som har signeringsfullmakt.

Tildelingskriterium

Tilskotet er mellombels, og oppretta for å styrke kommunane sine lågterskeltilbod og kapasitet til å møte det akutte behovet for psykososial oppfølging av personar i målgruppa med etterverknader av sosial isolasjon og andre belastningar knytt til pandemisituasjonen.

Styrking vil måtte ta utgangspunkt i lokale forhold og behov. Lågterskeltilbodet bør styrkast for å kunne gi rask hjelp til dei som har eller har hatt det spesielt vanskeleg gjennom pandemien.

Eksempel på tiltak kan vere:

  • Auka bemanning
  • Utvida opningstider, «Open dør» eller fleksibel tilgjengelegheit
  • Styrking av førebyggjande tiltak og tidleg innsats
  • Oppsøkande arbeid eller ambulerande tilbod
  • Samhandling på tvers av faggrupper og mellom ulike tenester, tenestenivå og aktørar
  • Samhandlingsløysingar med spesialisthelsetenesta

Tilskotet kan også nyttast til kompetanseheving innanfor psykososial beredskapsarbeid, førebyggande tiltak og tidleg innsats. Tilskotet skal ikkje brukast til kartlegging og liknande, men nyttast til konkret aktivitet som kjem målgruppa raskt til gode. Hovudmålet er at kommunen blir sett i stand til å svare på ein auke i etterspurnaden av lågterskeltilbod for psykososial ivaretaking og for behandling av lette til moderate psykiske plagar i befolkninga.

Les meir om tilskotsberekning og kva som må vere med i rapporteringa, som har frist 1. april 2022.

Søknadsfrist:
5. november 2021 23.59
Målgruppe:
barn, unge og vaksne med psykiske plager eller rusproblem som har behov for hjelp
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
kommunar åleine, eller i samarbeid med andre kommunar, spesialisthelsetenesta eller andre aktørar
Rapporteringsfrist:
1. april 2022 23.59