Tilskot til kommunalt rusarbeid - ny utlysing

Søknadsfrist:
30. oktober 2021 23.59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
kommunane i Vestland

Det er 76 millionar kroner til fordeling. Vi oppmodar alle kommunar i Vestland om å søke.

Publisert 02.09.2021

Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i dei kommunale tenestene slik at menneske med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Prioriteringar

  • Tilsetting av personar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar.
  • Oppsøkande tverrfaglege behandlings- og oppfølgingsteam.
  • Oppfølgingstenester i bustad, bustad med bemanning og liknande
  • Arbeidsretta tiltak og/eller aktivitetstilbod.
  • Tidleg intervensjonstiltak med barn/unge og eldre som prioritert målgruppe.
  • Lågterskeltenester

Les regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjema, sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringar. Regelverket finn du under fana "Dokument".

Korleis søkje

Ved søknad skal kommunen nytte den elektroniske søknad- og rapporteringsløysinga til Statsforvaltaren. Klikk på denne lenkja for å søkje.  

Når du skriv søknaden, vel første søknadsalternativ: «Kommuner/bydeler som ikke har mottatt tilskudd til kommunalt rusarbeid (nye søkere).» Dette alternativet fører deg til søknad om nye stillingar og gjeld alle kommunane som søker no, også dei som allereie har mottatt tilskot, men som vil søke om tilskot til fleire stillingar.

Søknadsskjemaet kan mellomlagrast. For å gjere dette må de opprette ein brukar. På denne måten kan de gå inn att, gjere skjemaet ferdig og sende det inn seinare.

Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.

Kommunar som hittil ikkje har søkt, blir særskilt oppmoda om å søkje. Søknader frå kommunar som hittil ikkje har søkt, blir prioriterte.

Spørsmål eller problem med skjema? Send e-post til hjelp@statsforvalteren.no  

Søknadsfrist:
30. oktober 2021 23.59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
kommunane i Vestland