Ekstraordinært tilskot til skogplanting våren 2021

Søknadsfrist:
Løpende
Målgruppe:
Skogeigarar og næringsaktørar som utfører skogplanting
Ansvarlig:
Kommunane
Hvem kan søke:
Skogeigarar og næringsaktørar som utfører skogplanting
Rapporteringsfrist:
1. september 2021

Om lag 700 000 skogplanter skal plantast i Vestland i vår. Koronasituasjonen har også i år ført til ein krevjande situasjon for skogbruket, og det er difor innført eit midlertidig tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021. 

Publisert 31.05.2021

Det er også i år ei utfordring for skogbruket å få tilgang til naudsynt arbeidskraft til mellom anna planting, og all skogplanting våren 2021 kan få eit ektraordinært tilskot gjennom tilskotsordninga som følgjer av «Midlertidig forskrift om tilskudd for å sikre planting av skogplanter våren 2021». 

Tilskotet er på kr. 1,20 pr plante og gjeld for nyplanting, suppleringsplanting og juletreplanting. 

  

Tilskot til næringsaktørar  

Tilskot etter den nye midlertidige forskrifta er løyvd til skogeigarlag og andre næringsaktørar (AT Skog og Nortømmer) som utfører planting på vegne av skogeigar våren 2021. Skogeigarar som leiger inn desse verksemdene for å få planta skog, skal ikkje sjølv søkje om ekstraordinært tilskot, då dette vert gjort av desse føretaka.  

Førehandssøknad om å komme inn under ordninga for sentrale aktørar skal sendast til Landbruksdirektoratet (postmottak@landbruksdirektoratet.no) innan 11.06.2021. 

Frist for oppmoding om sluttutbetaling er 31.07. 2021. Søknader og utbetaling av tilskot blir forvalta av Landbruksdirektoratet. 

  

Tilskot til skogeigar  

For plantearbeid som vert utført av skogeigar sjølv eller av andre aktørar som skogeigar engasjerer, skal tilskot tilsvarande tilskotssatsen bli løyvd gjennom tilskotsordninga med heimel i «Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» (NMSK-forskrifta). Tilskotet kjem på toppen av ordinært plantetilskot, og blir utbetalt til søkjar. Skogeigaren kan søkje via “Skogfond på nett/WebSkas”, eller på papirskjema LDIR_912N. Les meir om dette på Ldir si nettside.

Søknadsfrist for skogeigar er 01.09.2021 

Ta kontakt med skogansvarleg i kommunen for råd og rettleiing.  

Nærmare informasjon om ordninga vert også lagt ut på Landbruksdirektoratet si nettside.

Søknadsfrist:
Løpende
Målgruppe:
Skogeigarar og næringsaktørar som utfører skogplanting
Ansvarlig:
Kommunane
Hvem kan søke:
Skogeigarar og næringsaktørar som utfører skogplanting
Rapporteringsfrist:
1. september 2021