Tilskot til utviklingsprosjekt i barneverntenesta

Søknadsfrist:
1. juni 2021 23.59
Målgruppe:
Kommunale barneverntenester
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland

No kan kommunane søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt på barnevernområdet. I år er det 4,2 millionar i potten for kommunane i Vestland.

Publisert 24.02.2021, Oppdatert 25.02.2021

Barneverntenestene kan søke om frie midlar til prosjekt som dei sjølv har identifisert dei har behov for. Det er 1 350 000 kroner som skal fordelast til dette formålet.

Kommunane kan òg søke frå ein pott på 2 900 000 kronar til utviklingsprosjekt for styrking av kommunalt fosterheimsarbeid.

Det er tre viktige krav for å søke om stimuleringsmidlar i regi av læringsnettverket:

  • utviklingsprosjektet må ha mål om å styrke tenestene til utsette barn og unge i kommunane
  • utviklingsprosjektet må vere eit samarbeid mellom fleire kommunar
  • utviklingsprosjektet må ha etablert eit samarbeid med minst eit kompetansemiljø

Her kan du lese meir om retningslinjene for stimuleringsmildar til kommunale læringsnettverk.

Her finn de mal for prosjektplan og elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist:
1. juni 2021 23.59
Målgruppe:
Kommunale barneverntenester
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland