Tilskot til smitteverns- og oppfølgingsarbeid for personar med rus- og psykiske helseproblem

Søknadsfrist:
12. april 2021 23.59
Målgruppe:
Personar med rus- og eventuelt samtidige psykiske helseproblem
Ansvarlig:
Statsforvaltaren
Hvem kan søke:
kommunar i Vestland

Målet med tilskotet er gjenopning, etablering og tilpassing av tenestetilbod med behov for auka ressursar på grunn av smittevernomsyn i samband med koronasituasjonen. Merk søknadsfristen 12. april.

Publisert 16.03.2021

Ivaretaking av smittervernomsyn krev framleis ekstra ressursar for å oppretthalda det kommunale tenestetilbod for personar med rus- og/eller psykiske helseproblem. 

Send ein kortfatta søknad til Statsforvaltaren i Vestland, sfvlpost@statsforvalteren.no. 

Om søknaden

Det er ikkje utarbeidd søknadsskjema. Søknaden skal vere poengtert og kortfatta, men innehalde følgjande:

  • informasjon om utfordringsbiletet i kommunen
  • skildring (omtale) av målsetting og tiltak, opplysningar om eventuelle samarbeidsaktørar og korleis brukarmedverknad vert ivareteken
  • tal på brukarar tiltaket er innretta for
  • kor raskt tiltaket kan setjast i verk
  • søknadssum og budsjett
  • namn på kontaktperson og kontaktinformasjon,
  • organisasjonsnummer, kontonummer som tilskotet skal utbetalast til og opplysningar om ressursnummer

Det er berre kommunar som kan stå som mottakar av tilskotsmidlane. Kommunane kan søke åleine, eller i samarbeid med spesialisthelsetenesta, privat, ideell og frivillig sektor. Vi oppmodar spesielt til samarbeid med brukar- og pårørandeorganisasjonar.

Om tilskotet

Les regelverket nøye før de søkjer. Regelverket finn de under «Dokument».

Tilskotet er eit tillegg til statsbudsjettet. Bakgrunnen er at koronapandemien og ivaretaking av smittevernomsyn framleis krev ekstra ressursar for å oppretthalde det kommunale helse- og omsorgstilbodet for personar med rus- og/eller psykiske helseproblem.

Kartlegging av bruken av tilskotet i 2020 viser at midlane var eit nyttig bidrag til etablering av nødvendige tilbod til målgruppa. Dette er òg grunnen til at tilskotet blir vidareført og forsterka. Sjå meir i samandrag av læringspunkt frå 2020, som du finn under «Dokument».

Tildelingskriterium

Statsforvaltaren og Helsedirektoratet innvilgar tilskot til dei kommunane som blir vurdert til å ha størst behov, og der tiltaka blir vurdert som relevante og gode. Det er avgrensa midlar.

Større byar og kommunar med opne russcener blir prioritert. Det blir lagt vekt på kor mange brukarar som blir omfatta av tiltaket det blir søkt om tilskot til. Vi ventar at tiltak det blir søkt tilskot til, kan setjast i verk snarast og at tildelte midlar blir brukte i 2021.

Søknadsfrist:
12. april 2021 23.59
Målgruppe:
Personar med rus- og eventuelt samtidige psykiske helseproblem
Ansvarlig:
Statsforvaltaren
Hvem kan søke:
kommunar i Vestland