Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Søknadsfrist:
22. november 2019
Målgruppe:
Målgruppa er ungdommar mellom 12-16 år
Ansvarlig:
Utdanningsdirektoratet
Hvem kan søke:
Verksemder/føretak som er registrert i Enhetsregisteret, og som arrangerer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar etter andre verdskrig

For skuleåret 2019/2020 har Stortinget løyvd 15 millionar kroner til turar for ungdom til tidlegare konsentrasjonsleirar etter andre verdskrig. Målgruppa er ungdommar mellom 12-16 år, og lengda på turen må vere minimum tre overnattingar. Frist for å søkje tilskot til skuleåret 2019/2020 er 22. november 2019.

Publisert 18.10.2019

Føremål

Tilskotet skal medverka til at fleire skuleungdom får høve til å reise på turar til minnestader frå andre verdskrig. Minnestader er i denne samanheng primært meint som konsentrasjonsleirar, men også museum eller andre minnestader etter andre verdskrig kan vere aktuelle for tildeling av tilskot.

Det må vere utarbeidd eit omfattande pedagogisk tilbod for turen. Hovudvekta av det faglege innhaldet skal omhandle tema knytt til antisemittisme, hat og fordommar, framandgjering og gruppetenking, menneskerettar, menneskeverd og demokrati.

Kven kan søkje?

Verksemder/føretak som er registrert i Enhetsregisteret, og som arrangerer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar etter andre verdskrig.

Erstattar ikkje leirskule

Turen skal ikkje erstatte den ordinære leirskuleopplæringa som elevar har rett på etter opplæringslova § 13-7b. Det skal difor ikkje registrerast i GSI som leirskuleopplæring.

Elektronisk søknadsskjema

Søknad om tilskot skal sendast til Utdanningsdirektoratet via elektronisk søknadsskjema. Søknadsskjema er ikkje utarbeidd endå, men vert publisert på Utdanningsdirektoratet sine nettsider så snart det er ferdig.

Søknadsfrist:
22. november 2019
Målgruppe:
Målgruppa er ungdommar mellom 12-16 år
Ansvarlig:
Utdanningsdirektoratet
Hvem kan søke:
Verksemder/føretak som er registrert i Enhetsregisteret, og som arrangerer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar etter andre verdskrig