Samtykke til å gje jodtablettar til barn i barnevernet
Det er viktig med kjennskap til barnets helse for å vurdere om barnet bør ta jodtablett ved atomnedfall, og det er derfor den som har omsorgsansvaret for barnets som må samtykke til dette.
Vurderinga er gjort av Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) i eit eige skriv om kven som kan samtykke på vegner av barn i barnevernet.
Jod er eit ikkje-reseptbelagt legemiddel som kan kjøpast på apoteket. Det er likevel viktig å ha kjennskap om barnets helsehistorikk og helsetilstand før ein jodtablett blir gjeve til barnet. Dette er det i utgangspunktet den som har omsorgsansvaret for barnet som har informasjon om.
Kven som har omsorgsansvaret for barn i barnevernet, vil vere avhengig av kva rettsleg grunnlag som ligg til grunn for at barnet ikkje bur heime hjå foreldra sine.