Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina

Illustrasjonsbilete av Jodix (jod-tablettar)
Illustrasjonsbilete av Jodix (jod-tablettar) Foto: Direktoratet for strålevern og atomberedskap (DSA).

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier at eit eventuelt utslepp av radioaktivitet i Ukraina ikkje vil gi akutt helsefare for folk i Noreg, og det vil såleis ikkje vere aktuelt å tilrå å ta jodtablettar. Generelt har DSA lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.02.2022

For information in English and other languages click here

OBS! Jodtablettar til bruk ved atomulukker må ikkje forvekslast med jod som er berekna for kosttilskot. Spør apoteket om råd. 

Ikkje nødvendig å ta jodtablettar i Noreg på grunn av situasjonen i Ukraina

Viss det skulle skje ei alvorleg atomulukke på eit av kjernekraftverka i Ukraina, og vinden blæs mot Noreg, kan det kome radioaktivt nedfall over norske område. DSA seier at dersom det skulle skje eit utslipp av radioaktive stoff i Ukraina, er avstanden så stor at det ikkje vil bli nødvendig å bruke jodtablettar i Noreg.

Ei atomulykke i Ukraina kan likevel gjere det nødvendig for kriseutvalet for atomberedskap å setje i verk tiltak for å verne helse-, miljø- og samfunnsinteresser. Dei mest aktuelle tiltaka vil i så fall vere knytt til t.d. norsk matproduksjon.

Du kan lese DSAs oppdaterte vurderingar og informasjon om krigen i Ukraina, atomtryggleik og jodtablettar her

Du finn meir informasjon frå DSA om jodtablettar ved atomulukker her, og frå Statens legemiddelverk her

Generelt råd om heimelagring av jodtablettar for alle under 40 år

DSA tilrår alltid at alle under 40 år har jodtablettar lagra heime, dette er uavhengig av situasjonen i Ukraina. Den viktigaste årsaka til rådet er at reaktordrivne utbåtar og isbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Viss det skulle skje eit alvorleg uhell med ein av dei, kan det verte aktuelt å gi råd om å ta jodtablettar.

Korleis skaffe jodtablettar?

Kommunane har i stor grad lager av tablettar til å dekke barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Kommunen bestemmer sjølv korleis den vel å løyse det praktiske med omsyn til lagring og oppbevaring.

Jodtablettar kan kjøpast på apotek (Jodix). OBS! Jodtablettar til bruk ved atomulukker må ikkje forvekslast med jod som er berekna for kosttilskot. Spør apoteket om råd. 

Statens legemiddelverk melder om mangel på Jodix

Media har omtalt mangel på Jodix i apoteka i starten av mars, større mengder vart sendt ut til grossistar og apotek - men 3. mars meldte Statens Legemiddelverk om mangel på Jodix fram til 20. april 2022, du kan lese meir om det her

Når skal jodtablettar takast?

Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene. Ved ei atomulukke vil det m.a. kome råd via media og nettsidene til DSA.

Haldbarheit for jodtablettar

Jodix har påstempla haldbarheit på fire år, men jodtablettar er svært stabile og beheld kvaliteten etter utløpsdato. Det er difor ikkje nødvendig å bytte ut tablettar som har gått ut på dato. Du finn meir informasjon frå Statens legemiddelverk her

Kven skal ta jodtablettar?

Dersom vi skulle få ein situasjon der Kriseutvalet for atomberedskap gir råd om å ta jodtablettar, vil rådet gjelde for:

  • barn og unge under 18 år
  • gravide
  • ammande

Ved svært alvorlege ulukker kan òg andre vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Kor mykje skal ein ta?

Jodix-tablettar som ein får kjøpt reseptfritt på apotek i Noreg og tablettar kommunane har til utdeling (Kaliumjodid Recipharm) har ulik dosering, og såleis er det forskjell på tal tablettar ein skal ta. 

Verkestoffet er det same, men Jodix inneheld 130 mg og Kaliumjodid Recipharm inneheld 65 mg per tablett (1 tablett Jodix = 2 tablettar Kaliumjodid Recipharm). 

  Jodix (130 mg) Kaliumjodid Recipharm (65 mg)
Vaksne og barn over 12 år 1 tablett (á 130 mg) 2 tablettar (á 65 mg)
Barn 3-12 år 1/2 tablett (á 130 mg) 1 tablett (á 65 mg)

Det er eigne retningslinjer for tilførsel av jod til nyfødte, spedbarn og små barn (under 3 år):

Om atomberedskapen i Noreg

Du kan lese meir om atomberedskap her, og organiseringa av den her

  • Nasjonalt: Kriseutvalet for atomberedskap er ansvarlege for, og har fullmakt til, å setje i verk tiltak for å redusere konsekvensane etter ei atomulukke.
  • Regionalt: Statsforvaltaren skal sørge for koordinering av informasjon og krisehandtering i fylka, og bidra til å setje i verk samordna tiltak regionalt og lokalt.
  • Lokalt: kommunane skal ha oppdaterte beredskapsplanar for atomberedskap.

Information in English and other languages

DSA (Norwegian Radiation and Nuclear Safety Authority) says that it will not be necessary to take iodine tablets in Norway in case of a nuclear accident in Ukraine. They do however always recommend that everyone under the age of 40 keep iodine tablets stored in their own home. You will find information from DSA on the situation in Ukraine in English on this page

Important note: iodine tablets for use in case of nuclear accident are different from iodine dietary supplements. Ask your pharmacist for advise.

General information about taking iodine tablets in case of a nuclear accident is available in different languages here. (scroll to bottom of page)

You can find more information in English about Nuclear and Radiological preparedness in Norway here

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.