Statsforvaltaren i Vestland gjer om vedtak frå Stavanger kommune
IKEA får ikkje dispensasjon for å etablere fleire parkeringsplassar i Forus Næringspark enn det plangrunnlaget legg opp til.
IKEA ønskjer å samlokalisere varehus og lager på Forus. Stavanger kommune har gitt dispensasjon slik at det kan etablerast fleire parkeringsplassar enn det den interkommunale kommunedelplanen for Forus (IKDP Forus) legg opp til. Statsforvaltaren i Rogaland og Statens vegvesen klaga på vedtaket, og vi vart oppnemnt som setjestatsforvaltar til å behandle klagene.
Saka gjeld søknad om dispensasjon frå krava til parkeringsdekning for å etablere eit nytt IKEA-bygg på Forus. I IKDP Forus er parkeringsdekninga sett til maksimalt 0,5 plassar på 100 m2 for alle typar føremål, unnateke bustad. Det inneber at det på eigedomen kan etablerast opp til 183 parkeringsplassar for bil. IKEA søkte om å dispensasjon for å kunne etablere opp til 590 plassar. Stavanger kommune vurderte det slik at vilkåra for å gje dispensasjon var oppfylte, og gav dispensasjon.
Vi har vi kome til at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylte. Vi har særleg vektlagt at dispensasjonen legg til rette for at ein stor del av transporten til og frå Forus næringspark og IKEA vil skje med bil i staden for meir miljøvennlege transportformer. Det vil gjere det utfordrande å nå nullvekstmålet og klimamålet som IKDP Forus skal ta i vare. Planen fremjar dei same måla som dei nasjonale planretningslinene for arealbruk og mobilitet og Byvekstavtalen for Nordjæren byggjer på. Kommunal- og distriktsdepartementet har også understreka dei nasjonale interessene i saka ved at departementet fastsette den endelege parkeringsnorma i IKDP Forus i 2024. I det ligg det også at nasjonale interesser vil bli sett vesentleg til side dersom ein gir dispensasjon. Vi har difor gjort om dispensasjonsvedtaket frå Stavanger kommune til eit avslag. Statsforvaltaren har ikkje gått nærare inn på den delen av dispensasjonen som gjeld talet på sykkelparkeringsplassar.
Slik vi ser det vil det vere meir hensiktsmessig å vurdere parkeringsdekninga gjennom ei planendring, der alle interesserte kan verte involverte og høyrde.