Vi fremjar motsegn mot framlegg til endring av interkommunal plan for sjøareala i Nordhordland

Vi vurderer at planforslaget, som legg til rette for eit nytt område for akvakultur i Fedje kommune, vil ha negative konsekvensar for naturmangfaldet.

Publisert 09.01.2026

Bakgrunnen for at vi vel å fremje motsegn er

  • verneverdiane i Innarsøyane naturreservat
  • nær trua naturtype hornkorallskog
  • utvandringsrute for villaks

Vi har stor forståing for at Fedje kommune har behov for auka inntekter og fleire arbeidsplassar, men etter ei samla vurdering finn vi likevel at dette ikkje kan vege opp for dei negative verknadane for natur- og miljøverdiar av nasjonal interesse.

Motsegna inneber at kommunen ikkje kan vedta detaljreguleringsplanen med bindande juridisk verknad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.