Trekkjer klage i dispensasjonssak

Statsforvaltaren trekkjer klagen på Vik kommune sitt vedtak om frådeling av tomt og oppføring av bustadhus på ein gard i Feios.    

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.06.2021

Vik kommune gav i mars i år dispensasjon frå arealdelen til kommuneplanen til frådeling av tomt og oppføring av bustadhus i nærleiken av tunet på garden. Vi meinte at plasseringa av tomta tett opp til gardsbusetnaden, og med grense til dyrka mark i eit viktig landbruksområde, ville setje til side omsynet bak LNF- føremålet. LNF- områda er først og fremst tiltenkt landbruksføremål, natur og friluftsliv. Busetjing som ikkje er knytt til landbruket skal primært løysast i byggjeområde sett av til bustadføremål i kommuneplanen.

Statsforvaltaren meinte at dei lovbestemte vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2 for å kunne gje dispensasjon i denne saka ikkje var oppfylte. Vi klaga difor på vedtaket og bad om at søknaden vart avslegen. Vi peika også på eit areal som er sett av til bustader i Feios, ikkje så langt unna den omsøkte eigedomen, som eit reelt tomtealternativ. Kommunen handsama klagen utan å endre på tidlegare vedtak og oppfordra samstundes Statsforvaltaren om å trekkje klagen.

Med bakgrunn i tilbakemeldinga frå kommunen, og samtalar med ordføraren, har vi på nytt sett på grunngjevinga for klagen vår. Vi har også vurdert terskelen for kva som skal til for at vi skal klage på eit dispensasjonsvedtak med denne typen landbrukskonfliktar. Vi står framleis fast ved at dei lovbestemte vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2 for å kunne gje dispensasjon i denne saka neppe er oppfylte. Når vi no likevel har valt å trekkje klagen har vi lagt avgjerande vekt på omsynet til busetnaden og at Feios er ei av utkantbygdene i kommunen. Vi har også lagt vekt på at tomta ligg inntil fylkesvegen, og at det truleg kan etablerast tilkomst til bustadeigedomen utanom tunet  på garden. Samstundes har vi på generelt grunnlag understreka at det er viktig at kommunen i frådelingssaker er bevisst på å unngå driftsulemper for landbruket. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.