Semje i seks av sju meklingspunkt i Kinn
I meklinga 17.april om uløyste motsegner til arealdelen til kommuneplanen for Kinn vart det oppnådd semje i seks av totalt sju meklingspunkt.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete mekla mellom partane Kinn kommune, fylkeskommunen, Statens vegvesen og Statsforvaltaren. Navarsete seier at ho er svært nøgd med at partane viste vilje til å finne kompromiss slik at det vart løysingar for dei fleste motsegnene. Navarsete meiner at meklingsresultatet varetar kommunen sine behov for variert og nok bustadareal samstundes som viktige nasjonale interesser knytt til mellom anna sjøfugl, truga artar, anna naturmangfald, strandsone, allmenne friluftsinteresser og trafikktryggleik vert varetekne.
Kommunen fekk elles skryt for eit oversiktleg og ryddig planframlegg, og at dei hadde gjort eit godt arbeid sidan første gongs høyring av arealplanen.
Resultatet i meklinga vart slik for dei enkelte punkta:
- Bustadområde ved Raudeberg vert med i planen
- Bustadområde ved Hopen vert med i planen
- Bustadområde ved Grønevik vert med i planen under vilkår ved seinare detaljregulering
- Næringsområde på Kulen vest for riksvegen ved Deknepollen vert teke ut av planen
- Akvakulturområde ved Aralden vert teke ut av planen
- Utleigehytter ved Vedvika vert teke ut av planen
I tillegg vart det semje om endring i føresegnene av omsyn til jordvernet.
Meklinga for næringsområdet Terøy (Store og Lite Terøy) førde ikkje fram til ei løysing. Fylkeskommunen og Statsforvaltaren var her tydelege på at konfliktane med nasjonale og regionale miljøinteresser var for store.
Kinn kommunestyre kan såleis ikkje eigengodkjenne arealdelen til kommuneplanen med rettsverknad for Terøy.
Kommunestyret må anten ta ut næringsområdet Terøy eller ta det med og be om at Kommunal- og distriktsdepartementet tar endeleg avgjerd for dette området.