Fråsegn til revisjon av statlege planretningslinjer for strandsona

Kommunane i Vestland fylke er som i gjeldande retningsliner plasserte i sone to og tre. Fylkesmannen har tidlegare peika på at kommunar med samanliknbart og stort byggjepress bør liggje i sone to. I fråsegna minner vi om det.   

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2020

I fråsegna har Fylkesmannen merknader og råd om soneinndeling, planlegging, fastsetting av byggjegrense til sjø og om motsegn. Fråsegna er lagt ved under dokument i høgremargen. 

Fylkesmannen har i ein tidlegare fase i revisjonsarbeidet av dei statlege planretningslinene skrive brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om m.a. soneinndelinga. Vi har i brevet lagt vekt på kommunane i Sunnhordland, m.a. på grunn av byggjepresset der. Brevet er lagt ved under dokument.  

Når det gjeld motsegn, seier utkastet til reviderte planretningsliner for strandsona at det kan fremjast motsegn dersom eit planforslag er i strid med nasjonale og vesentlege regionale interesser. Samtidig er det presisert at statlege og regionale styresmakter skal legge stor vekt på det lokale sjølvstyret i vurderinga av om det skal fremjast motsegn.   

Fylkesmannen har i si fråsegn rådd i frå formuleringa om vektlegging av det lokale sjølvstyret ved vurderinga av om motsegn skal fremjast mot planforslag i strid med nasjonale og regionale interesser, då det er særs viktig at det ikkje oppstår tvil på dette punktet. I område med nasjonale og regionale interesser, som i strandsona, er det i praksis og i rettleiing om bruk av motsegn presisert at ivaretaking av strandsoneinteressene går føre det lokale sjølvstyret.  

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.