Nye retningslinjer for handsaming av støy i arealplanlegginga

Det er vedteke nye retningslinjer for handsaming av støy i arealplanlegginga. Dei framhevar støy som ein viktig premiss for arealplanlegginga, og at støy skal utgreiast på overordna plannivå. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2021

Støykrava i dei reviderte retningslinjene er i all hovudsak dei same som tidlegare.  Retningslinjene er forenkla, og får tydelegare fram hovudpunkta. Dei klargjer at støy er eit viktig plantema som skal liggje til grunn for arealvurderingar og arealplanlegging. Støy skal utgreiast og avklarast på overordna plannivå og ikkje overlatast til byggjesaksnivå.

Formålet med retningslinjene er å leggje til rette for ei langsiktig arealdisponering og planlegging av det fysiske miljøet for å fremje trivsel og bumiljø, og førebyggje helseskadar av støy. Det viktigaste verktyet for å oppnå dette er god arealplanlegging gjennom arealdelen til kommuneplanen og reguleringsplanar, med vekt på å unngå støykonfliktar. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.