Fråsegn til nye dispensasjonsreglar

Fylkesmannen stiller i fråsegna til Kommunal- og moderniseringsdepartementet spørsmål ved nokre av dei foreslegne endringane som gjeld dispensasjonar frå planar og frå byggjeforbodet i strandsona.           

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.09.2020

Departementet har foreslege endringar i reglane om dispensasjon i plan- og bygningslova. Fylkesmannen viser i vår fråsegn til at kunnskapsbasert arealplanlegging skal ligge til grunn for utbygging. Planar blir til etter gode, demokratiske prosessar med utbreidd medverknad. Dispensasjonar må ikkje bli omkamp om kompromissløysingar i planane, og må vere definerte og sjeldne unntak frå vedtekne planløysingar.  

Fylkesmannen klagar på berre om lag 6 prosent av sakene der kommunane i Vestland gir dispensasjon. Om lag 70 prosent av klagane våre gjeld strandsona, men også konfliktar med landbruk og naturområde er klagegrunn. Dette er viktige nasjonale interesser. 

Fylkesmannen legg i fråsegna vekt på at omsynet til nasjonale og viktige regionale interesser blir reelt vurderte i sakene. Dispensasjonsreglane må sikre at dette kjem tilstrekkeleg fram i grunngjevinga. Dei kommunale vedtaka kan elles bli ugyldige. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.