Færre meklingar i plansaker i 2025
Dei aller fleste arealplansakene i Vestland finn si løysing lokalt. I 2025 var det behov for å mekle i berre éi plansak.
Kommunane kan i utgangspunktet eigengodkjenne kommuneplanar og reguleringsplanar med rettsleg verknad. Unntaket er arealplanar der det er uløyste motsegner frå statlege instansar, fylkeskommunen eller nabokommunar. Slike planar må avgjerast av politisk leiing i departementet dersom mekling eller annan dialog ikkje fører fram til semje.
Gjennom dialog i høyringsfasen har Statsforvaltaren i Vestland gode erfaringar med å finne løysingar i lag med kommunen og statlege instansar. Dersom det ikkje vert semje, kan kommunen be om mekling.
Statsforvaltaren har ansvar for å gjennomføre mekling mellom partane, og ofte finn ein gjennom slike meklingar kompromiss slik at kommunen likevel kan eigengodkjenne planen.
Medan Statsforvaltaren mekla i totalt 18 kommunale plansaker i 2024, var det i 2025 berre behov for å mekle i ei sak. Denne saka, detaljreguleringsplan for Akkjerhaugen i Jondal i Ullensvang kommune, fann si løysing gjennom dialog i etterkant av meklinga. Her låg det føre motsegner frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen. I meklingsmøtet om denne saka vart det konkludert med å føre dialogen vidare under visse føresetnader. Etter at både Statsforvaltaren og fylkeskommunen trekte motsegnene kunne kommunen vedta og eigengodkjenne ein revidert plan.
Frå meklingane i 2024 ligg det for tida tre saker til slutthandsaming i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD):
- Lundestranda næringsområde i Stad kommune der Statens vegvesen har motsegn. Her gjeld motsegna mellom anna trafikktryggleik og avkøyrsleproblematikk.
- Eide næringsområde i Øygarden kommune der Statsforvaltaren har motsegn. Her gjeld motsegna mellom anna konflikt med den sterkt truga arten hubro.
- Ådnamarka sør næringsområde i Bjørnafjorden kommune der Statsforvaltaren har motsegn. Her gjeld motsegna konflikt med den norske ansvarsarten elvemusling.