Tidlegare oppstart av lisensfelling av jerv

Oppstart av lisensfellingsperioden for jerv framskundast frå 10. september til 20. august. Endringa trer i kraft frå og med 20. august 2022. Dette er ei oppfølging av Hurdalsplattformen og regjeringa sine føringar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.08.2022

Lisensfellinga gjeld for heile Vestland. Fellingsperioden for jerv er frå 20. august 2022 til 15. februar 2023.

Vedtaka om lisensfelling av jerv som er fatta for perioden 2022-2023 gjeld frå og med 20. august 2022. Rovviltnemndene kan som tidlegare fastsette ein kortare lisensfellingsperiode dersom dei meiner det er grunnlag for dette. Rovviltnemnda har vedteke at 8 jervar kan fellast under årets lisensfelling i region 1. 

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinære uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv. Felling av jerv krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jervejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv, eller løyser skot mot jerv, skal straks melde frå til Statsforvaltaren på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.