Klimasamling for kommunane i Vestland
Alle kommuner i Vestland er invitert til samling om klima, energi og arealbruk, mandag 8. og tirsdag 9. juni i Bergen.
Miljødirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune inviterer kommunane i Vestland til klimasamling.
Bakgrunnen for samlinga er eit aukande press på areala, forventningar om fleire prosjekt innan fornybar energi i kommunane, energikrevjande etableringar og behov for meir fornybar produksjon.
Samstundes er det krevjande å sikre at alle bidreg til utsleppsreduksjonar og ei effektiv utnytting av areala.
Samlinga gir praktisk innføring i korleis kommunane konkret kan følgje opp Statlege planretningslinjer for klima og energi, i tråd med ny rettleiing publisert våren 2026. Vi legg opp til mange døme på korleis oppgåver kan løysast i praksis, og bruk av relevante verktøy.
Arrangørane dekker overnatting for alle, og reiseutgifter på inntil 2000 kroner for dei som har meir enn tre timars reiseveg.
Påmeldingsfristen er 4. mai.
Les meir om arrangementet og meld dykk på hjå Miljødirektoratet.