Høyringssvar til Klimautvalget 2050

Henta frå: klimautvalget2050.no

Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Klimautvalet 2050 hadde som mandat å greie ut kva vegval Noreg står overfor for å nå dette målet. Statsforvaltaren i Vestland er samd i vurderingane frå utvalet i rapporten.

Publisert 29.02.2024

Hovudformålet til utvalet var å gjennomføre ei heilskapleg utgreiing av dei vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet 2050. Dei skulle vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte, med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv.

Rapporten vart overlevert Klima- og miljødepartementet 27. oktober 2023. Statsforvaltaren i Vestland fekk rapporten til høyring.

Rolla vår er å uttale oss i saker som gjeld fylket vårt og regionen vår, og særleg når desse omfattar fagområde eller sektorinteresser som vi er sette til å vareta.

Hovudpunkta frå uttalen vår

Statsforvaltaren i Vestland er samd i vurderingane frå utvalet i rapporten. Vi har valt å framheve det vi meiner er viktige tilrådingar frå utvalet, og komme med forslag til forbetringar som gjeld fagområde og sektorinteresser vi skal vareta.

Energi

  • Utsleppskutt innan 2050 føreset kraftig auka tilgang på fornybar energi. Det blir krevjande. Det må bli auka innsats for både fornybar energi og tiltak som reduserer energibehovet.

Areal og landbruk

  • Samordninga mellom plan- og bygningslova og andre lover må gjerast tydeleg og styrkjast, og det er behov for ei styrking av klimaomsyna i lova, inkludert i konsekvensutreiing-regelverket. 
  • Areal er ein knapp og verdifull ressurs og nedbygging av areal med natur bør unngåast. Som hovudregel må all omdisponering av areal for utbygging vere berekraftig og skje gjennom transformasjon og fortetting av eksisterande utbygd areal.
  • Avgrensa tilgang på areal gjer at det må prioriterast hardare mellom ulike formål. Arealformål som i lita grad er samfunnsnyttige i eit lågutsleppssamfunn må planmyndigheita ta ut av kommuneplanane.
  • Nasjonale forventningar i arealforvaltninga må tydeleggjerast gjennom nasjonale føringar og strammast inn. 
  • Moglegheita for å fremme motsegn er svekt, og vi tilrår at dette blir styrkt. Dette gjeld særleg tiltak som reduserer høvet til å nå klimamåla.
  • Skogen og skogbruket har ei viktig rolle i klimapolitikken. Største utfordringane i dag er manglande forynging etter hogst og delvis hogst på feil areal og alder – både biologisk og skogfagleg. Ei form for meldeplikt før hogst kan gje meir kunnskap, oversikt og vern om biologiske verdiar. 
  • Vi er samde med utvalet at det ikkje er mogeleg å produsere mat utan eit visst klimaavtrykk frå dei naturlege prosessane. Men elles må klimautsleppa reduserast utan å redusere norsk matproduksjon basert på norske ressursar.
  • Det må bli dyrare å øydeleggje natur. Kommunar som tek vare på natur og landbruksareal bør påskjønnast.
  • Det bør vere krav til at kommunar bruker naturrekneskap og arealrekneskap. 

Transport

  • Transportsystemet legg beslag på areal, ressursar, og energi som er nødvendige i andre sektorar i omstillinga. Transportplanlegging må leggjast om. 
  • Klima- og natur må i større grad sikrast i tidleg planfase og vegutbygging kan berre gjennomførast dersom det er i tråd med lågutsleppssamfunnet. 

Forbruk

  • Vi må gå frå å vere eit samfunn basert på lineært forbruk til ein sirkulær økonomi. Regelverk, og skatt og avgifter må leggje til rette for dette. 
  • Forbruket av nye råvarer må ned gjennom resirkulering, ombruk og gjenvinning.  
  • Vi må i større grad jobbe for å redusere utsleppa som ligg utanfor utsleppsrekneskapen. 

Industri

  • Vi støttar tilrådinga om at det blir utarbeidd ein eigen strategi for sluttfasen av norsk petroleumsverksemd, samtidig som konsekvensane for Vestland må takast særleg omsyn til. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.