Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Bildet viser to villrein med vinterpels i brunt
Villrein på vinterbeite er sårbar for uroing. Vær varsam og ta hunden i band! Desse flotte dyra på biletet er fotografert med telelinse på lang avstand og vart ikkje uroa. Foto: Even Knutsen ©.

Vi ber alle skituristar, kitarar, hundekøyrarar og andre som skal på tur i påskefjellet om å ta omsyn til villreinen og unngå unødig uroing. Om simlene skal få friske og levedyktige kalvar til våren treng dyra ro. 

Publisert 22.03.2024

Påska står for tur og fjellet vil lokke mange av oss ut og opp på fjellet. Men det er viktig å huske at vi berre er gjester der, og at det er naudsynt å vise omsyn til villreinen som bur i fjellet og som snart skal få kalvar. 

Svært sårbar periode for villreinen rundt påske

Villreinen er det einaste av hjortedyra der kalvefosteret heilt og fullt byggjast opp av mora sine kroppsreservar. Fosterveksten tiltar utover vinteren og villreinen er no ved påsketider svært sårbar for menneskelege forstyrringar. Om ho blir uroa kan det gå ut over veksten til fosteret. Òg fredelege turgåarar vil kunne utløyse panikk og flukt i villreinflokken.

Påska er ei tid der kalvetunge simler nærmar seg sine kalvingsområder. Etter ein tøff og lang vinter er dei svært sårbare. Simla kan «kaste» kalven, det vil seie abortere fosteret, om ho må for å overleve. Om ho får være i fred frå menneskje auker ho sjansen til å få fram ein frisk og levedyktig kalv. 

Leveområdet til villreinen er allereie under press

Kunnskapen om våre allereie hardt pressa villreinområde vert stadig betre, og det er eit mål å få dyra til å nytte mest mogleg av sine leveområde. Vegar og andre ferdselsårer i fjellet (stiar, skiløyper, snøskutertraséar) er barrierar for villreinen og vil kunne påverke korleis reinen brukar leveområdet sitt.

I Vestland kan du treffe på villrein i svært mange av fjellområda våre - på Hardangervidda, i Nordfjella (Hallingskarvet/Skarvheimen), og elles i villreinområda; Setesdal Ryfylke, Skaulen Etnefjell, Oksenhalvøya, Raudafjell, Fjellheimen, Lærdal-Årdal, Vest-Jotunheimen, Reinheimen-Breheimen, Svartebotnen, Førdefjella og Sunnfjord. For å få ein oversikt over dei ulike villreinområda kan ein gå inn på Villrein.no for å lese meir.

Kart over villreinområder i Noreg med gørne og gyllenbrune områder
Kart over villreinområda i Sør-Noreg. Les meir om dei enkelte områda ved å følgje lenka som ligg vedlagt. Foto: www.villrein.no.

Bruk andre fjellområde enn nord-vest på Hardangervidda 

Òg i år har vi ein spesiell situasjon der det står ein del i nord-vest på Hardangervidda. Dette skuldast nok både snø- og vêrforhald, og at det er gode beiteforhald her. Desse områda har i tidlegare tider vore viktige kalvingsområder, og det er no særs viktig at dyra får ro og ikkje vert uroa fram mot og i kalvingstida.

Det kan bli sett i verk tiltak for å redusere motorisert ferdsel i og etter påske. Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark, fylgjer med på kvar villreinen står, og sender ut varsel til dei som har motorferdselsløyve om nokon av slepene vert stengde for køyring. Statsforvaltaren oppmodar alle skigåarar, og i sær kitarar og hundekøyrarar, til å bruke andre område i fjellet enn der villreinen står no.

Pass på bandtvang og vindretning

Reinen har ein fenomenal luktesans. Er vindretninga riktig får den lukta av oss på fleire kilometers hald. Det gjelder særleg simlene og ungdyra som følger dei, medan bukkane vanlegvis er meire tolerante.

Det er viktig at hundeeigarar respekterer bandtvangen (gjeld frå 1. april). Om de treff på flokkar eller enkeltdyr av villrein, ta omsyn til vindretninga og unngå uturvande forstyrringar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.