Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Alver kommune
Eide Fjordbruk AS fekk 14. april 2026 løyve etter forureiningslova til auka produksjon på lokaliteten Langøy.
Verksemda har fått løyve til utslepp frå ein årleg produksjon på inntil 4 680 tonn i opne merdar, og 3 600 tonn i lukka einingar. Etablering av lukka einingar skal erstatte dagens opne merdar. Løyvet gjeld for produksjon av matfisk av laks og aure. Lokaliteten har utslepp til Fensfjorden.
Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.
Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyvet vert òg tilgjengeleg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker etter kunngjering på nettsida vår, dvs. innan 26. mai 2026. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.