Kunngjering – Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Svanøy Havbruk AS fekk 20.04.2021 løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt stamfiskanlegg på lokaliteten Almbakkevika.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2021

Verksemda har fått løyve til forureining frå ein produksjon på inntil 1560 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB). Løyvet er gitt mellombels og med vilkår om oksygenmålingar i den djupaste delen av resipienten. Dette er fordi resipienten i Norddalsfjorden har tidvis låge oksygennivå i botnvatnet, og vi ikkje har eit godt nok kunnskapsgrunnlag til å vere sikker på at resipienten ikkje blir negativt påverka over tid.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. På grunnlag av konfliktar med vill anadrom fisk rår vi Vestland fylkeskommune frå å gi løyve til etablering av akvakulturanlegg for stamfisk ved lokaliteten Almbakkevika. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

 

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som enten kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.