Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Svanøy Havbruk har 9. november 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Oddane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.11.2021

Verksemda har fått permanent løyve til forureining frå ein produksjon på inntil 3900 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB). Dette er ei utviding av biomassetaket, frå tidlegare MTB på 2340 tonn.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.