Hardangerfjorden toler ikkje meir

Overvakingsdata for Hardangerfjorden viser ei negativ utvikling over tid som har kome så langt at det ikkje er mogleg å nå miljømåla i vassforskrifta. Vi har no behandla ni saker som vart usette i 2023, og må seie nei til desse søknadene fordi dei vil føre til auka utslepp frå akvakultur.

Publisert 26.03.2026

Hardangerfjorden har ei lang historie med store industriutslepp. Regionen har vore eit pionerområde for akvakultur og har i dag stor produksjon. Medan utsleppa frå industrien har vorte redusert dei siste femti åra har framveksten av akvakulturnæringa ført til stadig aukande tilførsel av næringssalt og organisk materiale. 

Grafar som viser tilførsle av nitrogen (tonn/år) til Hardangerregionen.
Akvakultur er den største kjelda til nitrogentilførsel i Hardangerfjorden som har auka mest i Hardangerregionen i perioden frå 2001 til 2023. Bransjen står i dag for den største delen av næringssalttilførslane til fjorden.

I 2023 registrerte vi at overvakingsdata synte ei tydeleg negativ utvikling for fleire miljøparametrar i fjorden. Samstundes såg vi eit ønskje om å auke akvakulturproduksjonen i fjordsystemet. Som følgje av dette utsette vi behandlinga av alle akvakultursøknader i området medan vi venta på nytt kunnskapsgrunnlag om tilstanden i fjorden og bereevna for auka utslepp.  

Dei siste åra er det samla inn og sett saman store mengder nye data om miljøtilstanden i Hardangerfjorden. Samanstillinga av nye og historiske data gir no eit meir komplett bilete av utviklinga over tid. Analysane stadfestar at fleire sentrale miljøparametrar har ein negativ trend, og syner at tempoet i endringane har auka dei siste åra. 

I våre vurderingar må vi òg ta inn over oss at klimaet er i endring. Klimaendringane gir varmare og ferskare kystvatn, meir nedbør og oftare ekstremvêr. Dette svekkar utskiftinga av djupvatn i terskelfjordane og aukar avrenninga av næringssalt og organisk materiale frå land. Resultatet er at bereevna – fjorden si evne til å ta unna utslepp utan varig skade – blir lågare enn før.  

Når vi no seier nei til ei rekkje søknader, har vi vurdert korleis kvar sak bidrar til påverknad av heile fjordsystemet, og dermed sett heile sakskomplekset i samanheng. Dette er nytt, men nødvendig. Den nye kunnskapen viser at folka våre hadde god grunn til uro, då dei såg dei negative trendane i 2023.  

Kart over Hardangerfjorden som viser tersklane som skiljer djupvassbassenga.
Hardangerfjorden består av fleire djupbasseng skilde av tersklar. Botndjupna er størst i indre delar av fjorden der det er opp mot 850 meter djupt. Terskelfjordar er naturleg utsette for oksygensvikt i djupvatnet fordi vassutvekslinga med kystvatnet skjer i rykk og napp. Når tilførslene av næringssalt og organisk materiale aukar, aukar også oksygenforbruket ved nedbryting. Oksygensvikt i djupet reduserer leveområde for botndyr, gjer botnen mindre produktiv og kan i verste fall føre til døde soner.

Kva veit vi i 2026? 

  • Oksygen i djupvatn: Målingar frå dei djupaste bassenga viser ein klar og langvarig nedgang i oksygenkonsentrasjonen. I 2024 vart grenseverdien mellom god og moderat tilstand (3,5 ml/l) passert for fyrste gong, og trendkurvene peikar vidare nedover. 
Diagram som viser oksygeninnhaldet i botnvatnet for vassførekomstar som utgjer dei djupaste delane av Hardangerfjorden.
Oksygeninnhald (ml/l) i botnvatnet for vassførekomstar som utgjer dei djupaste delane av Hardangerfjorden. Grensa mellom god og moderat tilstand (3,5 ml/l) er merka med raud stipla linje. Data frå før 2010 er skilt ut av den kontinuerlege tidslinja for betre visualisering. Målingar frå 1950-talet til i dag viser at oksygennivået i Samlafjorden har falle om lag 2 ml/l, og at nedgangen dei siste ti åra er spesielt markert. I 2024 vart grenseverdien mellom god og moderat tilstand i Samlafjorden passert for første gong.
  • Trådforma algar (lurv): Overvaking i indre fjordområde viser moderat til dårleg økologisk tilstand. Foto og feltobservasjonar dokumenterer i enkelte områder tette matter av opportunistiske algar som dekkjer botn og vegetasjon. 
  • Miljøgifter i sediment: Heile fjordsystemet har dårleg kjemisk tilstand i botnsedimenta, hovudsakleg som følgje av historiske industriutslepp og langtransporterte stoff. Desse problema gjer økosystemet meir sårbart for ny påverknad. 

Akvakulturproduksjon og samla belastning 

Den årlege produksjonen i Hardangerfjorden har dei siste åra lege rundt 60 000 tonn fisk, medan samla ønskje frå bransjen – dersom tildelte løyve, innkomne søknader og planlagde anlegg vert realiserte – vil løfte produksjonspotensialet til om lag 235 000 tonn. Ein slik auke vil gi langt større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn idag. Produksjonen har i tillegg vorte meir svingande mellom år, noko som kan forsterke toppar i påverknaden. 

Overgjødsling frå næringssalt gjev meir plantevekst, meir organisk materiale – noko som igjen aukar oksygenforbruket i vassøyla og på botn Eutrofiering (overgjødsling) er eit av dei største trugsmåla mot marine kystøkosystem og påverkar ein betydeleg del av kystlinjene i verda. Terskelfjordar er særleg utsette.  

Søylediagram som viser akvakulturproduksjonen i Hardangerfjorden innafor Tysnes, målt som fôrforbruk i perioden 2010-2025.
Akvakulturproduksjonen i Hardangerfjorden innafor Tysnes, målt som fôrforbruk i perioden 2010-2025. Den gjennomsnittlege produksjonen har auka jamt. Dei siste åra ser vi at produksjonen har vorte meir svingande mellom dei ulike åra, noko som kan forsterke toppar i påverknaden.

Kva betyr dette for forvaltninga av fjorden? 

Rammene i forureiningslova, vassforskrifta og naturmangfaldlova krev at påverknaden må vere innanfor det miljøet toler. 

Vi må ta innover oss dei signala som klimaendringane gir om svekka oksygennivå og lågare tolegrense for utslepp i det marine miljøet og vurdere den forventa miljøpåverknaden av tiltaka det vert søkt om både i  lys av situasjonen slik den er i dag, og dei verknadene som må forventast i åra framover.  

Målet er å hindre vidare forverring og medverke til at fjorden på sikt kan betre tilstanden. 

Med den kunnskapen vi no har, er konklusjonen at

  • søknader om ny eller auka produksjon i akvakultur i Hardangerfjorden får avslag 
  • eventuell ny teknologi som kan redusere utslepp kan vurderast innanfor eksisterande produksjonsrammer, men kan ikkje kome i tillegg til dagens samla belastning

Alle vedlegg til denne saka er ikkje universelt utforma. Ta kontakt med oss dersom du treng meir informasjon om innhaldet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.