Tilskot til fangvekstar sådd etter hausting (gjeld potet- , rotvekst- og grønsaksproduksjon)

Bilde som viser åker med rugplantar og vintervikker
Fangvekst er nyttig for å unngå open jord utover hausten, her rug og vintervikker sådd på seinsommaren. Foto: Kari Bysveen, NLR Innlandet.

Det kan gjevast tilskot for fangvekstar sådd straks etter hausting av tidlegkulturar av potet, rotvekstar og grønsaker. Fangvekstar reduserer jorderosjon og samlar opp næringsstoff etter innhausting. Minsteareal for tiltaket er 2 dekar.

Publisert 24.04.2023

Tidlegkultur inneber dyrking av sortar som er tidleg modne for hausting, med fare for at jorda ligg utan vekstar i lang periode etterpå. Med fangvekstar meinast her vekstar som veks raskt etter såing, som etablerer seg godt før vinteren med røter som armerer jorda, og som kan ta opp næringsstoff frå djupare lag. Det bør ikkje såast belgvekstar i rein bestand som fangvekst.

Vilkår:

  • Fangveksten skal vere godt etablert om hausten. Det vil sei at fangveksten skal ha utvikla god rotstruktur og vere godt synleg over jorda med eit jamnt og tett plantedekke.
  • Det blir ikkje gitt tilskot til attlegg der fangveksten er hovudvekst neste år.
  • Arealet skal ikkje sprøytast med plantevernmiddel eller gjødslast om hausten.
  • Arealet skal ikkje jordarbeidast før 1. mars påfølgande år. Det er likevel tillate med grunn harving eller utjamning av såbedd etter hausting for å sikre god etablering av fangveksten.

Fangveksten kan haustast ved slått eller beiting under føresetnad av at dette ikkje fører til vesentleg dårlegare effekt pga. køyreskadar eller betydelege skadar etter hard beiting og tråkk.

Tidlegkulturar på lett jord er utsett for utvasking av næringsstoff og sandflukt, særleg grunna tidleg hausting og dersom jorda ligg bar utan vekstar heile hausten. Fangvekstar på desse areala er særs viktig. Fangvekstar aukar det organiske innhaldet i jorda, bind karbon og er dermed òg eit klimatiltak.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

Grønsaker/potet: 350 kr per daa
Det kan gjevast tilskot for minst 2 daa og maksimalt 70 daa per føretak.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP