Tilskot til beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark (gjeld sau på utmarksbeite frå og med 600 moh)

Sau på fjellbeite, lyng, fjell, skodde, overskya
Ein kan få tilskot til sau på fjellbeite, minst 600 meter over havet Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark, her avgrensa til utmarksbeite som ligg 600 meter over havet eller høgare.

Publisert 25.04.2023, Sist endret 08.04.2024

Tiltaket gjeld sau over eitt år som beiter minst 5 veker på utmarksbeite, der hovudbeiteområdet for sauen ligg minst 600 meter over havet. Vidare må føretaket vere medlem i eit beitelag jf § 3b. Dersom kun deler av buskapen har hovudbeiteområdet sitt over 600 moh, kan ein søke tilskot for den delen av buskapen som oppfyller høgdekravet. Namnet for beiteområdet for føretaket bør skrivast i merknadsfeltet i søknaden.

Sauen er den viktigaste landskapspleiaren i utmarka grunna fôrval, beitemønster, utbreiing, omfang og med liten fare for trakk-skadar. Utmarksbeite er den tradisjonelle driftsforma for sau sommarstid i Vestland, men tal sau i utmark går diverre nedover. Sauen si beiting i utmarka er viktig for å oppretthalde ope landskap og opne stiar, og beitinga er positiv for det biologiske mangfaldet. Beiting i utmark er og klimavenleg ved at den produserer mat på areal som elles ikkje kunne vore nytta til matproduksjon, i tillegg til at beiting over tregrensa vil auke albedo-effekten (reflektering av sollyset) og såleis bidra til mindre oppvarming. Dei høgareliggande beita er dei mest verdifulle utmarksbeita med omsyn til beitekvalitet, dyrevelferd og klimavenleg beiting (jf albedo-effekten).

Tilskotsavgrensing:
Det kan gjevast tilskot for inntil 100 sauer per føretak.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Småfe -  Kr 70 per dyr (sau over eitt år)

(Tilskot for sau på utmarksbeite som ligg 600 moh eller høgare, der føretaket er medlem i eit beitelag)

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP