Landbruksplast – høg innsamling og god gjenvinning i Noreg
Landbruksplast er ein viktig ressurs i norsk jordbruk, men den krev god sortering og effektive retursystem for å sikre høg materialgjenvinning.
I Noreg vert om lag 90 prosent av landbruksplasten samla inn og gjenvunne i eit samarbeid mellom bønder og kommunale og private avfallsselskap og returselskap. Sjølv om systemet gir høg gjenvinningsgrad, er det framleis utfordringar knytt til ureining i plasten og varierande innsamlingsløysingar i ulike delar av landet.
I 2025 vart det selt om lag 5 600 tonn landbruksplast, medan om lag 9 600 tonn vart samla inn. At den innsamla mengda er større enn den selde, kjem mellom anna av fukt, jord og anna ureining som aukar vekta på plasten. Etter fråtrekk for ureining vart om lag 5 000 tonn materialgjenvunne. Det gir ein gjenvinningsgrad på om lag 89 prosent.
Statsforvaltaren i Vestland deltek i Interreg-prosjektet CircularFarmPlastics, som skal bidra til meir sirkulære løysingar for handtering av landbruksplast og styrkt samarbeid mellom aktørar i heile verdikjeda. Prosjektet er eit internasjonalt samarbeid i Austersjøregionen.