Bruk av solenergi på garden

Solcelleanlegg på Tistel gard, Vik kommune og Per Langeland Tistel
Solcelleanlegg på Tistel gard, Vik kommune og Per Langeland Tistel Foto: Bastian Hoffmann / SFVL.

Fleire bønder på Vestlandet bør investere i solenergi. Eit webinar med dette som tema utløyste stor interesse over heile landet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2021

Statsforvaltaren i Vestland arrangerte 27.mai webinar om bruk av solenergi på garden. Over 110 deltakarar fylgde det korte nettmøtet om moglegheiter for å nyttiggjere seg av solenergi på garden. Deltakarane kom frå Porsanger i nord til Sandefjord i sør, men i all hovudsak frå vestlandsfylka. 

Geir Totland frå Vestland bondelag opna webinaret og stilte viktige spørsmål som bonden har før ei investering kan vurderast. 

I sentrum for arrangementet stod Tore Filbakk frå Norges Vel sitt innlegg: Kva er løysingar for vestlandsbonden? Kva er tilgjengelege ressursar på garden din og når vert anlegget lønnsamt? Her fekk deltakarane innsikt i bruk av solenergi, ulik teknologi, kostnader, kalkylar for garder, framgangsmåte og rådgjevingsapparat. Også på Vestlandet, med meir overskya vêr og mykje regn,  kan solceller vere ei god investering! 

Avslutningsvis presenterte Olve Sæhlie frå Innovasjon Norge programmet for fornybar energi, der bonden kan søkje om finansiell støtte – ei ikkje uviktig del av ei lønsemdsvurdering. 

Statsforvaltaren i Vestland bidrog, utover møteleiinga, med ein film, laga i samarbeid med Tistel gard i Vik kommune. Ekteparet Marita og Per Langeland Tistel er framsynte bønder og av dei fyrste i Vestland som har investert i solcellepanel på garden. Dei seier seg godt nøgde med samarbeidet dei hadde med Innovasjon Norge, det lokale kraftselskapet og solcelleentreprenøren. Så langt har anlegget produsert og levert straum som forventa. 

Dette arrangementet var nummer to i “energi-rekka”. Først ut var eit møte om gardsvarme frå bioenergi, 15.mars. Vi vil vidareføre desse møta så lenge dette engasjerer så mange. Kom gjerne med innspel til «energi-tema». 

Du finn opptak av arrangementet på Youtube-kanalen vår. 

Filmen om solcelleanlegget på Tistel gard er tilgjengeleg her.

Filmen om bioenergi kan du også finne der. 

Les gjerne også om solenergi på garden på bondeboka.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.