To hus på garden?

Illustrasjonsfoto: frå Tjeldstø i Øygarden kommune, foto: Magnus Johan Steinsvåg/Statsforvaltaren

Ved søknad om å bygge bustad nummer to, eller kårbustad, på ein gard må det vurderast om huset er eit nødvendig tiltak for landbruksdrifta - ut frå ressursgrunnlaget på garden. Det må òg gis særskilt løyve for å kunne ta i bruk dyrka jord til eit slikt føremål. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.03.2021

Bustaden må vere naudsynt for landbruket

I eit område som er sett av til landbruk (LNF) i kommunen sine arealplanar er det som hovudregel berre lov å bygge det som er nødvendig for å drifte garden. Bakgrunnen for dette er at desse områda skal nyttast til landbruksproduksjon. I kommuneplanen er det sett av eigne område for bygging av bustadar.

Ein føresetnad for å bygge bustad nr. to på garden er om det er nødvendig med kårbustad av omsyn til drifta eller produksjonen. Type drift og omfanget av ho vil vere relevante moment. Til dømes kan intensiv husdyrproduksjon forsvare eit behov for bustad nummer to. Størrelse på huset og avstanden til tun er også relevant i vurderinga. Ved tvil kan det mellom anna leggjast vekt på verknadar for dyrka mark.

Oppføring av ein kårbustad kan vere naudsynt for å sikre kontinuitet i gardsverksemda i samband med eit generasjonsskifte. I ein overgangsperiode kan det til dømes vere nyttig at begge generasjonar er involverte i drifta for å overføre kunnskap til dei som skal ta over. Ordninga med kårbustadar tek omsyn til drifta i eit langsiktig perspektiv. Kårbustadar skal dessutan sikre at dei som overfører garden til neste generasjon, får høve til å bli buande på garden, utan omsyn til om gardsverksemda har trong for arbeidskrafta deira.

LNF-føremålet opnar ikkje for bygging av ordinær bustad, til dømes på garden der ein har vakse opp. Sjølv om den som vil bygge bustad ønskjer å bidra i gardsarbeidet, tilseier ikkje det i seg sjølv eit reelt behov for bustad nummer to.

Det er heller ikkje uvanleg at landbrukseigedomar allereie har to bustadar. Dersom det søkast om å rive den eine for å føre opp ny bustad må det vurderast om gardsdrifta, slik ho er no, har trong for to bustadar.

Jordlova - kårbustad på dyrka eller dyrkbar jord

I LNF-områda trengst det særskilt løyve frå kommunen for å kunne ta i bruk dyrka jord til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon, og/eller å disponere dyrkbar jord slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida. Reglar om dette finn vi i jordlova.

Av førearbeida til lova går det fram at kårbustad ikkje fell inn under omgrepet jordbruksproduksjon (Ot.prp. nr. 72 (1993-1994) side 82). Dersom ein ønskjer å ta i bruk dyrka eller dyrkbar jord i samband med oppføringa av kårbustad, trengst det difor særskilt løyve i medhald av jordlova. Kravet om slikt løyve gjeld både i dei tilfelle der kårbustad vert vurdert å vere nødvendig for drifta, og såleis også vil vere i tråd med LNF-føremålet, og i dei tilfelle der det trengst dispensasjon.

Kommunen skal vurdere

Det er kommunen som tek stilling til om bustaden er i tråd med LNF-føremålet eller om det må søkast om dispensasjon.

Sivilombodsmannen har uttalt følgande i sak SOMB-2008-86: "Det driftsmessige behovet for en kårbolig i direkte tilknytning til landbruksvirksomheten må dokumenteres. En landbruksfaglig uttalelse om behovet for kårbolig vil være et viktig element, som normalt må kunne tillegges vekt av fylkesmannen".

Dersom det trengs både dispensasjon frå arealplan og løyve etter jordlova, vil kommunen ta stilling til kva som er den mest føremålstenlege behandlingsrekkefølgja.

Kva gjeld dersom garden ligg i område sett av til LNF-spreidd bustadbygging i kommunens arealplanar?

På areal som er vist som LNF-spreidd bustadbygging i arealdelen, er det på nærare vilkår opna opp for bygging av bustadar som ikkje er ein del av landbruket. I slike område er det difor ikkje eit krav at bustad nummer to må vere naudsynt for drifta på garden.

I forarbeida er det presisert at "Det er et krav at bebyggelsens omfang, lokalisering og formål er nærmere angitt i planen. Der slike bestemmelser er benyttet, kan slike tiltak enten gjennomføres på grunnlag av enkeltsaksbehandling, eller på grunnlag av reguleringsplan» (Ot.prp.nr.32 (2007-2008, s. 215). I planen kan til dømes lokaliseringa av spreidde bustadar vere teikna inn på plankartet eller det kan vere krav om avstand frå dyrka mark (Pedersen: Plan- og bygningsrett s. 248).

Det er dermed ikkje automatikk i at eit område er sett av til LNF-spreidd bustad og at den einskilde eigedomen fyller krava til spreidd bustadbygging.

Det er gjort unntak for kravet om løyve etter jordlova i område som i kommuneplanen er sett av til LNF-spreidd utbygging, og der det i planføresegnene er sett krav om reguleringsplan før deling og utbygging kan skje.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.