Oppfølging av eigarar av jordbruksareal som ikkje er i drift

Utsikt mot gardsbruk med dyrka mark og fjellsider med ulike treslag.
Jordbruksareal i Åsane. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Mange kommunar sender no ut brev for å avklare kvifor jordbruksareal ikkje er i drift. Då må eigar gje tilbakemelding til kommunen på om det er aktuelt å starte opp eiga drift eller leige ut areal til andre.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.03.2023

Driveplikta eit viktig verktøy for å sikre aktiv bruk av jordressursane våre. Det går fram av § 8 i jordlova at jordbruksareal skal vere i drift. Ved utleige av jord skal det ligge føre skriftleg avtale.

Kommunane i Vestland er no i gang med ei systematisk oppfølging av kravet om at jorda skal vere i drift, og at avtaler om jordleige skal sendast kommunen for godkjenning. Første steget er å finne fram til dei jordbruksareala som ikkje er med i dei årlege søknadane om arealtilskot. Så vil jordeigararar bli kontakta av kommunen, med spørsmål om korleis jordbruksareala på eigedomen vert nytta. Sjølv om bruken av jordbruksareala ikkje stettar vilkåra for å søkje produksjonstilskot, kan driveplikta likevel vere oppfylt. Difor er det viktig at dei som vert kontakta gjev tilbakemelding. Der det ligg føre leigeavtaler, skal eigar sende kopi av avtala til kommunen.

For nokre areal kan det vere grunnlag for å lempe på kravet om drift, eller 10-årig avtaletid på jordleige. Søknad må sendast kommunen. Kva som skal leggast vekt på i ei slik vurdering går fram av §8 a i jordlova: «Ved avgjerd av søknaden skal det leggjast vekt på kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd, på bruksstorleiken, avkastningsevna på arealet og på om det i området der eigedomen ligg, er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord. Det skal òg leggjast vekt på søkjaren sin livssituasjon».

Å handheve regelverket som gjeld driveplikta kjem i tillegg til svært mange andre lovpålagde oppgåver landbruksforvaltinga i kommunane har. Difor må arbeidet leggast opp slik at ein jobbar systematisk over tid. Sjølv om det kan opplevast urettferdig at ikkje alle eigarar vert kontakta samtidig, er det viktig å merke seg at manglande oppfølging av driveplikta på ein eller fleire eigendomar, ikkje fritek andre frå driveplikta. Ved sjølv å setje seg inn i regelverket, og finne gode løysingar, vil mykje arbeid vere spart.

Du finn meir informasjon her:
Statsforvaltaren i Vestland
Landbruksdirektoratet

Mange kommunar har informasjon om regelverket på sine heimesider. Du kan også ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen din.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.