Driveplikt på jordbruksareal

Brosjyren Jord i drift gjev ei kort oversikt over regelverket som gjeld driveplikt og jordleige.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2022

Statsforvaltaren ønskjer å prioritere arbeidet med å følgje opp at reglane som gjeld driveplikt på jordbruksareal vert halde. Eit av tiltaka er å auke kunnskapen om regelverket, både hos landbruksforvaltninga i kommunane og jordeigarane.

Driveplikta er lovfesta i jordlova. Paragraf 8 i lova krev at alle som eig fulldyrka eller overflatedyrka jord og innmarksbeite har plikt til å sørgje for at jorda vert drive. Føremålet med driveplikta er at matproduksjonen vår skal sikrast ved at jordbruksareala våre er i kontinuerleg drift. Driveplikta skal sikre landbruksnæringa sitt behov for areal, og at jorda vert brukt på ein slik måte at den er eigna for jordbruksproduksjon også for kommande generasjonar. Areal som ikkje vert drive gror raskt til med kratt og skog og er arbeids- og kostnadskrevjande å dyrke opp igjen.

I Norge er berre 3 prosent av landarealet vårt jordbruksareal, noko som er lite samanlikna med andre land. Skal vi auke norsk matproduksjon og sjølvforsyning, er driveplikta avgjerande for å sikre at dei jordressursane vi har vert bruk til matproduksjon.

Eigarar av jordbruksareal har eit viktig forvaltaransvar, og må sørgje for at jorda dei eig er i drift. Driveplikta gjeld for heile eigartida. For dei som ikkje ynskjer å drive jorda si sjølv, er alternativet å leige ut til andre som vil drive.

Brosjyren Jord i drift kan nyttast av kommunane og andre som får spørsmål som gjeld driveplikt og jordleige. I brosjyren vil ein finne lenkjer til meir utfyllande informasjon om driveplikt på landbruksdirektoratet sine sider. Det er også lenkje til Bondeboka som gjev svar på spørsmål knytt til å eige og drive gard.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.