Kan kommunen løyve SMIL-midlar til fjerning av piggtråd?
Mange kommunar får spørsmål om dei kan løyve SMIL-midlar til fjerning av piggtråd. I nokre tilfelle kan det vurderast av omsyn til miljøinteresser og ferdsel for ålmenta.
Føremålet med SMIL-ordninga er tilskot til gjennomføring av miljøtiltak ut over det som er venta av vanleg jordbruksdrift. Dyrevelferdslova er klar på at ansvaret for vedlikehald og fjerning av gjerde ligg til den som er ansvarleg for gjerdet. Det skal difor ikkje løyvast SMIL-tilskot til fjerning av piggtråd på eigedom der det vert drive vanleg jordbruksdrift og der ansvaret for gjerdehald ligg til grunneigaren.
Når kan SMIL-tilskot vurderast?
Det må vere gode grunnar til at fjerning av piggtråd skal bli støtta. Døme på tilfelle der det kan vurderast er:
- I område der det er uavklarte eigar- og/eller ansvarsforhold og det er viktig å legge til rette for ferdsel og beiting i jordbrukslandskapet.
- I fellesprosjekt for større område. Eit døme er Voss herad som i samarbeid med Mattilsynet, Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og renovasjonsselskapet IHM gav godtgjersle for innlevering av piggtråd. Ordninga vart mellom anna finansiert av SMIL-midlar og midlar frå Vestland fylkeskommune.
Kontaktpersonar
Reglar for bruk av piggtråd
Frå 2010 har det vore forbod mot bruk av piggtråd i nye gjerde og når material i gamle gjerde vert bytt ut. Forbodet er heimla i dyrevelferdslova § 15.
Det er grunneigar eller dei som er ansvarlege for gjerdet sitt ansvar å halde gamle gjerde ved like. Der gjerdet kan føre til skade på dyr og menneske er det grunneigar sitt ansvar at gjerdet vert fjerna på forsvarleg måte.
Mattilsynet har ansvar for å følgje opp dyrevelferdslova.