Kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A
- Dato:
- 12. mai 2026 12:00 - 15:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Helsepersonell i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 10. mai 2026 23:59
Vi inviterer til digitalt kurs om tvungen somatisk helsehjelp (kapittel 4A) for helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester i Vestland.
Vi tilrår særleg at helsepersonell med ein funksjon som gjer at dei kan dele det dei lærer på kurset vidare i verksemda, deltek. Dersom de planlegg å sitte fleire i lag og følgje samlinga, så treng ikkje alle å melde seg på.
Vi ber om at alle i forkant av kurset ser videorettleiinga som går gjennom skjema for vedtak om tvungen somatisk helsehjelp.
Videoen finn de via følgjande lenkje: Videorettleiing til skjema om tvungen somatisk helsehjelp | Statsforvaltaren i Vestland
Påmelding og oppkoplingslenkje
Du melder deg på samlinga ved å fylle ut følgjande skjema: Påmelding til digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A, 12. mai 12.00-15.00 – Fyll ut skjema
Oppkoplingslenkje til møtet vert sendt seinast dagen før samlinga.
Ved å melde deg på denne samlinga, godtek du at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 12. mai 2026 12:00 - 15:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Helsepersonell i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 10. mai 2026 23:59