Digital samling om strategisk kompetanseplanlegging

Dato:
26. mai 2026 10:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
KS og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Kommunalsjefar og andre leiarar innan helse og velferd, HR-leiarar i kommunane og tillitsvalde

KS og Statsforvaltaren inviterer til digitale samlingar om strategisk kompetanseplanlegging. Andre samling handlar om kompetanseanalyse, kompetansestrategiar og tiltak.

Publisert 18.02.2026

Strategisk kompetanseplanlegging er sentralt for å sikre berekraftige, framtidsretta og robuste velferdstenester. Samlingane gjev støtte, struktur og praktiske verktøy til kommunane i arbeidet med å utvikle og planleggje kompetanse på ein systematisk måte.

KS har utvikla eit eige verktøy til bruk i dette arbeidet: Verktøy for strategisk kompetanseplanlegging 

Samling 2

Me går gjennom praktiske metodar for å kartleggje dagens og framtidige kompetansebehov, og ser på korleis kommunen kan utvikle konkrete strategiar og tiltak for å møte desse.

Fokus:

  • Kompetanseanalyse
  • Kompetansestrategiar og tiltak

Deltakarane må rekne med noko arbeid i eigen organisasjon mellom samlingane for å få best mogeleg utbytte av deltakinga.

Det vert gjennomført:

  • to digitale samlingar våren 2026 (5. mars og 26. mai)
  • to digitale samlingar hausten 2026 (8. september og 17. november)

Påmelding gjeld for alle samlingane: Påmelding til digitale samlingar

Det blir ikkje opptak av samlingane.

Dato:
26. mai 2026 10:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
KS og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Kommunalsjefar og andre leiarar innan helse og velferd, HR-leiarar i kommunane og tillitsvalde