Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
22. april 2026 12:15 - 23. april 2026 14:15
Stad:
Scandic Sunnfjord hotel & spa, Førde i Sunnfjord
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
25. mars 2026 12:00

Samlinga er ein fagleg møteplass og diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet. Tema er "God kommunikasjon – kvifor og korleis?".

Publisert 23.01.2026, Oppdatert 03.03.2026

Vi inviterer til to-dagars samling i Førde i Sunnfjord kommune. Vi startar med lunsj onsdag 22. april klokka 12:15 og avsluttar torsdag 23. april klokka 14:15. Det blir felles middag onsdag kveld.

Vi får mellom anna besøk av Nina Furnes Farstadvoll og Marie Eva Linnea Lundblad som er ansvarlege for kvalifiseringsprogrammet i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Dei ser på status for kvalifiseringsprogrammet; kva har skjedd og kva er nytt?

Vi skal også få høyre om prosjektet «Mester i eget liv» i Ny sjanse i Bergen, og få innlegg om betydningen av god kommunikasjon og tverrfagleg samarbeid. Det blir lagt til rette for refleksjon og deltaking i grupper.

Praktisk informasjon og påmelding

Du melder deg på via skjema under.

Det er gratis å delta. Vi dekker overnatting frå 22. til 23. april for dei som har meir enn ein times reiseveg. Deltakarar som har reiseveg på fire timar eller meir ein veg, kan få dekka overnatting frå 21. til 22. april i tillegg. Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Påmeldinga er bindande. Dersom du har meldt deg på, men likevel ikkje kan delta, ber vi deg melde frå på e-post så snart du kan. Ta kontakt med Cecilie Jantzen, kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar». Du får opp e-postadresse når du trykker på namnet.

Ved å melde deg på, samtykker du til at vi kan dele informasjonen du har oppgitt med hotellet og i Outlook innkallinga. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Treng du overnatting frå 22.-23. april?
Deltek du på felles middag 22. april?
Har du lang reiseveg og treng overnatting frå 21.-22. april? (Vi dekker berre overnatting for dei som har meir enn fire timars reiseveg)
Dato:
22. april 2026 12:15 - 23. april 2026 14:15
Stad:
Scandic Sunnfjord hotel & spa, Førde i Sunnfjord
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
25. mars 2026 12:00