Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep

Dato:
30. april 2026 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Vest (RVTS Vest), Statsforvaltaren i Vestland,
Målgruppe:
Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
Påmeldingsfrist:
28. april 2026 23:59

Vi inviterer til digitalt introduksjonskurs i korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep

Publisert 13.04.2026

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Vi veit at mange barn veks opp med vald, overgrep og omsorgssvikt, og vi veit at det aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet. På introduksjonskurset vert du kjent med rettressursane "Snakke med barn" og "Jeg vet". Desse ressursane kan bidra til at nettopp du vert ein vaksen som vågar å sjå, og tør å handle når du er bekymra for eit barn.

Kursinnhald

Etter kurset vil du

  • ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
  • ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og jegvet.no
  • ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
  • kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i tenesta di
  • kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge

Førelesarar er Linda Kvalvik, barnevernspedagog og Mette E. Garmannslund, psykologspesialist

Førebuing til kurset

Vi ønskjer at de gjer dykk kjende med følgjande nettressursar:

Praktisk informasjon

Det er gratis å delta, og oppkoplingslenkje blir sendt på e-post til påmelde deltakarar seinast dagen før samlinga. Du melder deg på via sidene til RVTS: Påmelding til introduksjonskurs

 

Praktiske spørsmål kan du rette til: 

Ved at du melder deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at informasjonen din blir delt med medarrangør, at namn og e-postadresse kan bli synleg i ein Outlook-invitasjon og i det digitale møtet. Les meir om personvern under "Lenkjer". 

Dato:
30. april 2026 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Vest (RVTS Vest), Statsforvaltaren i Vestland,
Målgruppe:
Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
Påmeldingsfrist:
28. april 2026 23:59