Webinar om bruk av utmarksbeite

Dato:
17. mars 2026 19:00 - 20:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Alle som har søkt om tilskot til dyr på utmarksbeite i Vestland

Vi inviterer alle som har søkt om tilskot til dyr på utmarksbeite til nettmøte. Det blir innlegg frå Yngve Rekdal og informasjon om beitesesongen i fjor. 

Publisert 10.03.2026

Yngve Rekdal har lang røynsle med vegetasjonskartlegging og utmarksbeite, mellom anna gjennom mange år i NIBIO. Han har arbeidd i ei rekkje kommunar over heile landet og formidla kunnskap om utmarksressursar til både beitenæringa og forvaltninga.

I tillegg vil Statsforvaltaren informere kort om:
– beitesesongen 2025
– tapsprosent knytt til rovvilt i Vestland
– statistikk for sau og lam i Vestland

Det blir òg høve til spørsmål og dialog.

Vi håpar mange har høve til å vere med.

 

Du treng ikkje melde deg på for å delta. 

Klikk på denne lenka for å kome direkte inn i møtet.

 

Dato:
17. mars 2026 19:00 - 20:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Alle som har søkt om tilskot til dyr på utmarksbeite i Vestland

Kontaktpersonar