Digital samling om strategisk kompetanseplanlegging

Dato:
5. mars 2026 10:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
KS og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Kommunalsjefar og andre leiarar innan helse og velferd, HR-leiarar i kommunane og tillitsvalde

KS og Statsforvaltaren inviterer til digitale samlingar om strategisk kompetanseplanlegging. Første samling handlar om overordna mål, forankring og organisering av deltaking.  

Publisert 18.02.2026

Strategisk kompetanseplanlegging er sentralt for å sikre berekraftige, framtidsretta og robuste velferdstenester. Samlingane gjev støtte, struktur og praktiske verktøy til kommunane i arbeidet med å utvikle og planleggje kompetanse på ein systematisk måte.

KS har utvikla eit eige verktøy til bruk i dette arbeidet: Verktøy for strategisk kompetanseplanlegging 

Samling 1

Me legg grunnlaget for kommunen sitt arbeid, med vekt på tydelege mål og god involvering av eigne tenester og medarbeidarar.

Fokus:

  • Overordna mål
  • Forankring
  • Organisering av deltaking

Deltakarane må rekne med noko arbeid i eigen organisasjon mellom samlingane for å få best mogeleg utbytte av deltakinga.

Det vert gjennomført:

  • to digitale samlingar våren 2026 (5. mars og 26. mai)
  • to digitale samlingar hausten 2026 (8. september og 17. november)

Påmelding gjeld for alle samlingane: Påmelding til digitale samlingar

Det blir ikkje opptak av samlingane.

Dato:
5. mars 2026 10:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
KS og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Kommunalsjefar og andre leiarar innan helse og velferd, HR-leiarar i kommunane og tillitsvalde