Nettmøte om byggeplikta i konsesjonslova § 4
- Dato:
- 24. februar 2026 09:00 - 10:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltning eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova
- Påmeldingsfrist:
- 23. februar 2026 12:00
Vi gjennomførte eit nettmøte om alle endringane i konsesjonslova 11.09.2025. No erfarer vi at de er fleire som ønskjer eit nettmøte om gjeninnføring byggeplikta i § 4. Vi inviterer derfor til nettmøte om temaet 24.02.2026.
Kort om lovendringane
De finn endringslova her: Lov om endringer i konsesjonsloven (priskontroll på skogeiendommer, konsesjon til selskaper med begrenset ansvar og stiftelser m.m.) - Lovdata
Dei aller fleste endringane tok til å gjelde 01.07.2025. Gjeninnføringa av byggeplikta i § 4 blei iverksett frå 01.01.2026. Det vil og seie at endringane no er innarbeidde i lovteksten på Lovdata.
Tema for nettmøtet er:
- Byggeplikta i konsesjonslova § 4
- Spørsmål og erfaringsdeling
Det er sett av 1,5 timer til møtet. Viss det viser seg å vere for lenge, sluttar vi av før.
Påmeldingsfrist
Påmelding innan 23.02.2026 kl. 12.00 - meld deg på her.
Vi sender ut lenke til nettmøtet i løpet av ettermiddagen 23.02.2026
- Dato:
- 24. februar 2026 09:00 - 10:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltning eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova
- Påmeldingsfrist:
- 23. februar 2026 12:00